Hjem Søndagskommentar SAMEFOLKETS DAG – 6, februar

SAMEFOLKETS DAG – 6, februar

4 min lest
0
0
1,038

Joh 21,9 – 13

Møte med den oppstadneIllustrasjon Samefolkets flagg 1327999933_200x188

Då dei kom i land, fekk dei sjå ein glohaug der med fisk på og brød. «Kom hit med noko av den fisken de fekk,» sa Jesus til dei.  Simon Peter gjekk då ut i båten og drog nota på land. Ho var full av store fiskar, eit hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje nota. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og like eins fisken.

 

Dei var fiskarar av yrke. Dei visste kva reidskap dei skulle bruka og korleis dei skulle bruka den og dei visste om fiskegrunnane i Tiberiassjøen. No hadde dei streva heile natta utan å få noko. Når det grydde av dag, var dei på veg mot land. Utan ein einaste fisk.

Men på land står Jesus, deira oppstadne Meister. Og så skjer det noko underfullt: På Jesu ord kastar dei nota på høgre sida av båten og fangar ein mengd med fisk. Også bèr han dei på måltid. Og no er alt kjent og kjært. Så mang ein gong hadde dei delt bordfellesskap med Meisteren. Heilage stunder, der han var vert og gav dei både dagleg brød og livsens brød.

Og hadde dei ikkje opplevt eit liknande under før? (Luk 5)  Den gongen brukte Jesus underet med fiskefangsten som eit kall til å fylgja han og bli menneskefiskarar. Så var vel hendinga denne morgonen ei stadfesting og fornying av kallet til å halda fram med å kalla menneske inn i Guds rike. Og ein lovnad om at tenesta deira skal lukkast i Jesu namn.

Heile 153 fiskar var det i nota når Peter drog henne på land. «Men endå det var så mange, rivna ikkje nota,» står det i teksta vår. Frå gamle tider er den fulle nota vorte sett på som eit bilete på Guds kyrkje. På trass av dei mange lemene av ulike slag menneske i kyrkja, så er det ein sterk indre Andens einskap som hindrar stagnasjon og oppløysing.  «Eg trur på den Heilage Ande, ei heilag, almenn kyrkje, samfunnet av dei heilage, . . . .» 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …