Hjem Søndagskommentar Mikkelsmesse.

Mikkelsmesse.

9 min lest
0
0
1,629

 

Mikkelsmesse var ein viktig festdag i katolsk tid, av fleire grunnar. Dagen vart feira til minne om erkeengelen Mikael, som er den einaste erkeengel som vart navngjeven i Det nye testamentet. I det katolske helgenhierarkiet kom erkeenglane nærmast jomfru Maria i rang. (29. sep. 2009)

Ein tok til å dyrka erkeengelen Mikael i Austkyrkja300-talet. I løpet av det neste hundreåret spreidde skikken seg til Vestkyrkja. Fordi Mikael blei sett på som leiar for den himmelske hærskaren blei dette ein dag ein kunne feira alle englane på.

Mikkjelsmesse var etter Kristian den femtes norske lov heilagdag under namnet St. Mikkels Dag fram til 1770 i Noreg, då han vart avskaffa under Festdagsreduksjonen. Dagen vart feira for å takka Gud for grøda. I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Matteus, 18. kapittel, versa 1 – 10, Kven er den største i Himmelriket. (Kjelde: Firefox nettlesar)

 

barn1Matt 18, 1 – 6, 10 – 11

I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»   Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei   og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.   Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.    Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.    

 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far.  *For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.•

 

DEN STØRSTE I HIMMELRIKET

 Det er ikkje uvanleg at menneske er opptatt av kven som er størst eller minst. Endå til Jesu eigne vener og lærlingar var engasjerte i dette spørsmålet. Dei striddest til og med om «kven som skulle reknast som den største.» (Luk 22,24)  Når dei no stilte Jesus spørsmålet om kven som var størst i himmelriket, så svara han på det. Kan henda svaret var overraskande for dei når dei opplevde at han tok eit lite barn og sette det midt imellom dei. Alle visste at det ikkje var vanleg at borna var med der lærespørsmål vart drøfta. Likevel plasserar Meisteren barnet midt i flokken og syner på denne måten at borna høyrer heime i denne samanhengen. Denne handlinga samsvarar med at han i 19, 13 – 16  refsar læresveinane når dei vil visa borna bort frå Jesus.

 

Læresveinane opplevde det kanskje endå meir overraskande når Jesus kom med utsegna om at «dei må venda om og bli som born» om dei skal koma inn i himmelriket. (V 2 – 3)  Det er ikkje borna som skal bli som vaksne, det er dei vaksne som skal bli som born! No står ikkje barnet her som eit eksempel på uskyld eller reinleik. Heller ikkje som eit førebilete på å vere truskyldig eller spesiell from. Borna har ingen positive eigenskapar som kvalifiserar dei til Guds rike. Det einaste som gjeld her er det enkle faktum at borna er små og hjelpelause, totalt avhengige av hjelp utanfrå. Her fortel Jesus kven som er størst i himmelriket: Det er den som gjer seg sjølv liten som barnet! V4.  Det gjeld det same her som i Matt 5,3: «Sæle er dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira.» Den som er liten og hjelpelaus i seg sjølv, den treng Jesus. Og den som treng Jesus og innrømmer det, høyrer heime i himmelriket.

 

I v6 kjem Jesus med ei sterk åtvaring «til den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, –  » Å «lokka til fall»her må vel seia å påvirka til å falla i synd og venda seg bort frå Jesus. Det er nok desverre liten tvil om at dette skjer alt for ofte. «Desse små som trur -» er så verdfulle at ingen kan måla deira verd. Det er betre å missa livet enn å vera skuld i at eit Guds barn vert ført vill! Jesus har fått namnet  «Barnevenen». I desse orda ser me ein av grunnane til at han fekk dette namnet!

 

Det er alvorleg og ransakande å ta innover seg det Jesus seier om borna i teksta vår. Han syner oss deira høge status som Guds born i tilhøve til oss vaksne med alt me meiner å vita om desse sakene. Han syner oss vidare kor alvorleg og farleg det er å forføra eit hjelpelaust barn så det misser trua på Jesus.

I v10 åtvarar han oss mot å sjå med forakt på eit av hans små born. Å forakta medmenneske, anten dei er store eller små, det er noko av det styggaste nokon kan gjera mot andre. Det er å ta menneskeverdet og æra frå ein person og gjera han liten og verdlaus. Å forakta eit lite barn som trur på Jesus, er verre enn noko anna.

 

Må Gud fri oss frå å søkkja så djupt at me ser med forakt på nokon av dei små som trur på han!  Og må Han gje oss, med alle våre store tankar, nåde til å kunne ta innover oss og la oss prega av synet Jesus har på borna!

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…