Hjem Søndagskommentar KRISTI FORKLÅRINGSDAG – Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

KRISTI FORKLÅRINGSDAG – Læresveinane får sjå Jesu herlegdom

5 min lest
0
0
1,123

Luk 9,28  –  3

Jesus-3
Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia. Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

 

Dette vart ein dag dei tre aldri gløymde. Både Peter og Johannes vitna om det dei opplevde her i seinare skrifter.

Visst hadde dei ofte opplevd Jesus i bøn til sin Far. Det var sikkert heilage stunder for dei. Men denne dagen fekk dei ei langt sterkare oppleving av kven han var enn dei nokon gong hadde hatt. «Medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite.»

Som ikkje dette var nok, så kom det to menn frå gamal tid, Moses og Elia, og gav seg til å snakka med Jesus. Dei synte seg, som Jesus, i ein herlegdomsskapnad, og dei tala med han om det verket han snart skulle fullføra.

Men endå skulle dei oppleva meir: Det kom ei sky og la ein skugge over dei. Kanskje dei skjøna det før dei høyrde røysta at dei no hadde med Herren Gud å gjera. I alle fall vart dei gripne av redsle. Også høyrde dei Hans røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»

Det siste dei såg der på fjellet var Jesus, og ingen annan.

Dei skulle aldri gløyma denne dagen. Difor vitna Johannes om det seinare: «Og vi såg hans herlegdom, – » (Joh 1,14)  Og Peter fortel i sitt andre brev: «For han fekk ære og herlegdom frå Gud, sin Far, den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.» (2 Pet 1;17)

 

  • Kyndelsmesse – 2 februar

    Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…
  • Kristi åpenbaringsdag

    Luk 2,40-52 “Og gutten vokste og ble sterk, fylt av visdom, og Guds nåde var over ha…
  • Romjuls søndag

    Luk 2,36-38 Det var en kvinne der som var profet, Anna, Fanuels datter, av Asjers stamme. …
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Kyndelsmesse – 2 februar

Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…