Hjem Søndagskommentar 16. Søndag i treenighetstiden – «ALT HAN HAR GJORT, ER GODT!»

16. Søndag i treenighetstiden – «ALT HAN HAR GJORT, ER GODT!»

7 min lest
0
0
1,262

 

hender-bibel1-1Mark 7. 31 – 37

DEN DØVE SOM HADDE VONDT FOR Å TALA
Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.  Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han.  Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans.  Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»  Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint.  Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent.  Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»

 

Han var innhylla i stilla. Ingen lyd trengde inn gjennom øyra og inn i hjernen. Han kunne sjå, lukta og kjenna, men ikkje høyra. Attpå til sleit han med å tala. Han kunne ikkje ta del i samtale med andre. Han var meir enn mindre isolert frå fellesskapet med medmenneske, den døvstumme mannen.

 

Så gjekk det rykte om at profeten Jesus frå Nasaret var kome frå Tyrus-området til det heidenske Dekapolis-landet der denne mannen budde. Han fekk nytt mot då han vart leidd fram til Jesus. Spenning, forventning, tvil og famlande håp tumla i tankar og kjensler: Vil han hjelpa? Kan han hjelpa?

 

Alle rundt han hadde nok venta at Jesus skulle gjera eit under med denne mannen, midt i folkehopen. Men Jesus tok mannen med seg bort frå folket så dei to vart åleine. Så brukte han teiknspråket då han lækte han: Fingrane i øyra og spytt frå Jesus på tunga til den mållause var tydeleg tale. Når han så såg opp mot himlen og sukka, så var det eit synleg uttrykk for bøn. Det hebraiske ordet «Effata!» tyder «Lat deg opp!» eller «Ver open!» Og underet skjedde  –  øyra vart opna så han høyrde og tunga vart løyst så han tala reint. «Og folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala!» (v37)

 

Denne forteljinga og andre slike i NT syner oss Jesus som «Den store legen». Han er herre over sjukdom og alle vonde krefter som vil bryta ned menneske. Ikkje berre syndene våre bar han, men også sjukdomane: «Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han.» (Jes 53,4) Gong på gong synte han si miskunn og si allmakt ved sine lækingsunder.

 

Før Jesu himmelfart overgav han denne særskildte tenesta til læresveinane. I apostelkyrkja ser med korleis lækingstenesta fylgde som ein naturleg del av evangelieforkynninga. Og undera var mange.

 

På same tid som me ser dette, må me vera klår over at ikkje alle sjuke vart lækte på denne tida heller. Presten og forfattaren Olav Skjeveland seier det slik: «I Jesus samtid, som i dag, forble de fleste kronisk syke i sin lidelese. Jesu opptreden forvandlet ikke Palestina til et mirakelsanatorium.»

 

Me skal òg vera klår over at alle guddommelege under er glimt av det komande, fullkomne Guds-riket. Då er alt vondt borte og alt er nytt og alt er godt, som det står i Openb.21,4:Han skal tørka kvar tåre frå auga deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine. For det som ein gong var, er borte.»

 

Men alt i dag kan me sanna saman med folket i teksta vår: «Alt han har gjort, er godt»!

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
  • 4 søndag i Påsketiden

    4 søndag i Påsketiden – 8.05.22 Joh 14,1-11 Photo by Tim Cooper La ikke hjertet bli …
  • Mikkelsmesse.

      Mikkelsmesse var ein viktig festdag i katolsk tid, av fleire grunnar. Dagen vart fe…
  • Langfredag 2017

    Luk 22,39 – 23,46 I Getsemane  Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde f…
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…