Hjem Søndagskommentar Bots og bønedag – Å HA MED GUD Å GJERA

Bots og bønedag – Å HA MED GUD Å GJERA

4 min lest
0
0
1,254

Luk  18, 9 – 14

Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:

 «To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar.  Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’  Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’

Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

 

Adressa for denne likninga var «nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre,». (v9) Kjerneordet i teksta er v14. Det var ei rystande, revolusjonerande domsavseiing inn i samtida sitt syn på dei to mennesketypane, farisearen og tollaren. Det handlar om å ha med Gud å gjera!

Dei to mennesketypane: 1)  Farisearen høyrde til den moralske og religiøse eliten i tida og vart sett opp til og æra av folket. Ingen tok gudsdyrkinga si meir alvorleg enn farisearen. Ulukka for farisearen var hans eigenattest. (v11 – 12 ) Han samanlikna seg med menneske og ser ikkje at han har med den heilage Gud å gjera. Resultatet ser me i v14.

Tollaren  tente okkupasjonsmaktene og vart rekna som ein landssvikar. Han var kjent for sitt lurvete rykte som korrupt og uærleg tenar og var sjølve definisjonen på  ein syndar i folkets auge. «Tollarar og syndarar» var eit ordpar som ofte vart brukt.

Men det var tollaren som gjekk heim rettferdig for Gud, ikkje farisearen. (v14) Farisearen hadde nok med sitt eige prektige liv og ingen bruk for Guds nåde. Tollaren ser at han har med Gud å gjera!  Han kjenner seg tyngd av si syndeskuld, han slær seg for bringa og bed den einaste aktuelle bøna: «Gud, ver meg syndar nådig!» 

Og Gud svara med å seia syndaren rettferdig.

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …