Hjem Søndagskommentar GUDS GODE ORDNING – 20.søndag i treeiningstida.

GUDS GODE ORDNING – 20.søndag i treeiningstida.

6 min lest
0
0
951

Mark 10,2 – 9

Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve  «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus  Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.»  Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet.  Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne.   Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si,  og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp  Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

 

Det var ikkje fyrste gongen farisearane ville setje Jesus på prøve. Dei var stadig ute etter å «arrestera» han i lærespørsmål. Denne gongen gjeld det samlivsetiske spørsmål. Det handlar om ekteskapet som Guds gode ordning. «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» (v2), var spørsmålet farisearane stilt Jesus. Og Jesus svarar som så ofte elles med å syna dei til Mose-lova. Der hadde Moses gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev til kona si, og senda henne frå seg. Dette gjorde Moses, seier Jesus, «fordi hjarto dykkar er så harde,  – ».(v5)  Det var dei harde menneskehjarto som var årsaka til at Moses gav opning for skilsmisse.

 

I utgangspunktet var Guds bod klårt og tydeleg: «Du skal ikkje bryta ekteskapet.» Som mann og kvinne i eit ekteskap etter Guds intensjon, er dei ein person, eit menneske, fysisk og åndeleg. Det var Gud som innstifta denne gode ordninga mellom menneske i tida sin morgon. Ekteskapet er framleis ein institusjon som er vilja av Herren på same tid som det er ein viktig bærebjelke i samfunnet. I teksta vår lyfter Jesus ekteskapet inn i ei heilag ramme med orda sine: «Det som Gud har bunde saman, skal ikkje eit menneske skilja.» (v9) Då Jesus gjorde sitt fyrste under, gjorde han det i eit bryllup. (Joh 2)  Med det synte han òg i praksis at han stadfesta ekteskapet som ei god ordning

 

Det har aldri vore lett å halda fram Guds vilje i samlivsetiske relasjonar. På Jesu tid kunne det rett og slett vera livsfårleg. Me les i Matt 14 korleis døyparen Johannes vart halshogd fordi han hadde refsa Herodes Antipas for å leva i hor.

No er det langt frå slike tilstandar i vårt samfunn. Likevel kan det kosta å stå opp mot utviklinga i samfunnet vårt når det gjeld ekteskap og samliv. Ekteskapet mister status, skilsmisser florerar, sambuarskap grip om seg og samkjønna «ekteskap» er norsk lov. Midt i alt dette er det mykje djup smerte og store tragediar i mange samlivsforhold.  Det vert stundom umenneskelege påkjenningar å fortsetja i forholdet.

Som kristenfolk og kyrkje er vårt oppdrag i denne situasjon å fylgje Herren Jesu eksempel: Halda fram idealet og Guds gode vilje inn i folk sitt liv til rettleiing og velsigning for livet og framtida for enkeltmenneske og for  samfunn.  Samtidig å forkynna nåde og tilgjeving inn alt som er bròte og øydelagt og prøva å syna kjempande og lidande menneske inn til Guds kjærlege Farsomsorg.

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …