Hjem Søndagskommentar 3.søndag i advent – Botens adventsøndag

3.søndag i advent – Botens adventsøndag

4 min lest
0
0
257

 Matt. 11,2- 11.Illustrasjon 3 advent 1291569853

Johannes, som sat i fengsel, fekk høyra om alt det Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Eg du den som skal koma eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser. Blinde ser og lame går, spedalske vert reine og døve høyrer, døde står opp, og evangeliet vert forkynt for fattige, og sæl er den som ikkje støyter seg på meg!»

Då dei var farne,tok Jesus til å tala til folket om Johannes. «Kvifor gjekk de ut i øydemarka? Ville de sjå eit sevstrå som svaga i vinden? Nei! Kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i kongsgardane. Men kvifor gjekk de dit ut? Ville de sjå ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydja vegen for deg. Sanneleg, det seier eg dykk: Aldri har det stått fram nokon større mellom dei som er fødde av kvinner , enn døyparen Johannes. Men jamvel den minste i himmelriket er større enn han.»

Døyparen Johannes er kjent for å forkynne dom over folket. I teksta vår lyfter Jesus domsforkynnaren fram som ein stor og viktig person, ein som skulle rydda veg for Jesus, Frelsaren. I denne tenesta møtte han motstand, og der han sit i fengselet kjem tvilen, har eg teke feil då eg peika på Jesus. Han får svar – sjå kva Jesus gjer.

Dette seier meg at domsforkynnaren har ei viktig oppgåve å utføre. Han skal, som Johannes, avsløra synd og kalle folk til bot og omvending. Det er ikkje populært, heller ikkje i våre dagar.

Har de som les dette høyrt og sett bots- og domsforkynnaren i året 2013, eller har han gøymt seg heilt bort bak orda om Guds nåde?

Guds nåde er for botferdige syndarar. Lat oss nytta botens adventsøndag til syndserkjenning og bot, slik at vi kan bli i stand til å ta imot Guds nåde.

  • Jesus Taler

    3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
  • https://hcfwomen.files.wordpress.com/2013/07/worship-2.jpg

    TID FOR BØNN

    Gi meg Jesus, bare Jesus…. Jeg nynner på en sang jeg egentlig ikke kan så godt… Kanskje sy…
  • jesus og Simeon i tempelet

    Kyndelsmesse – 2 februar

    Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

3. søndag i treeningstiden

Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…