Hjem - Allehelgens dag – Ja, slik er det.

Allehelgens dag – Ja, slik er det.

6 min lest
0
0
128

im003704Matt. 5,1-12.

Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han. Då tok han til ords og lærte dei:

Sæle  dei som er fattige i seg sjølve, himmelriket er deira. Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta. Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda. Sæle dei som hungrar og tyrster etter rettferda, dei skal verta metta. Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn. Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born. Sæle dei som vert forfylgde for rettferd, himmelriket er deira. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen. Sameleis forfylgde dei og profetane før dykk.

 

Denne teksta er henta frå «Bergpreika». I den lærer Jesus oss om korleis læresveinane sin status er, og korleis dette skal gje seg utslag i livet her i verda. Den same status gjeld Guds barn både nå og til alle tider. I vår tekst er uttrykket Sæle, eller på bokmål Salige, eit heilt sentralt uttrykk, derfor spør vi: Kva betyr uttrykket Sæle/Salige?

 

Eg søkte på internett, og der fann eg to lange lister, ei med 23 og ei med 28  positive, gilde og gode ting som går inn under ordet Sæle/Salige.

Så gjekk et til Studiebibelen, og der får eg sjå meir. Ordet Sæle/Salige kjem frå det greske ordet makarios.  Og så les eg vidare: «Makarios betegner salighet. Ordene har i særlig grad en , framtidstone i seg, idet  de stort sett inngår i den esjatologiske forkynnelse.»   –  «Gudsrikets goder er allerede skjenket Jesu etterfølgere som en forsmak på det som skal komme i hans rikes fullbyrdelse.»

 

For Jesu læresveinar, for alle dei som fylgjer Jesus, for meg  er statusen og situasjonen alltid god, for alle dei gode ting i Guds rike er mine. Det er å ha full reinsing frå alle synder. Det er å ha Jesus med  kvar dag gjennom heile livet, med all den utrustning og hjelp han kan gje. Det er å ha han som sigra over døden med,  når min dødsdag kjem. Det er på dommedag å møta han som sona for mine synder, og då å få høyra : «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagt.» Matt. 25,34.

 

Dette gjeld også dei som fylgjer Jesus  som «er fattige i seg sjølv», dei som «syrgjer», dei som «hungrar og tyrstar etter rettferd», dei som vert «forfølgde for rettferd», det gjeld dei som «når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis.» Også desse er sæle/salige, for himmelriket er deira. Dette er eit stort og strålande lys på ein Allehelgensdag.

 

«Han som ikkje sparte sin eigen Son,men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han? Rom. 8,32.

Ja, slik er det!

 

  • photo-02-07-2015-00-51-34

    2. søndag i fastetiden.

    1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…
  • be-deg-igjennom-fasten

    «Be deg igjennom Fasten» – Uke 2

    «Hva betyr bønn?» – Betraktning av Kristina Uttgård Har du noen gang opp…
  • mann-ber1

    Kan jeg bli gud?

    Kan jeg bli gud? Jeg føler meg ofte guddommelig når jeg står opp. Eneste jeg drikker er he…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
  • sondagstekst-1-of-1

    Kristi forklarelsesdag.

    Mark 9,2-13 Seks dager senere tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes og førte dem opp …
  • dsc00878

    17. Søndag i teenighetstiden.

    Joh 11,17-46 Da Jesus kom fram, fikk han vite at Lasarus alt hadde ligget fire dager i gra…
  • 29102010475

    13. Søndag i trenighetstiden

    Matt 25,14-30   Det er som med en mann som skulle dra utenlands. Han kalte til seg tjenern…
Last flere inn -

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

2. søndag i fastetiden.

1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…