Hjem Søndagskommentar 23. Søndag i trieiningstida – Ja, slik går det – 12.11

23. Søndag i trieiningstida – Ja, slik går det – 12.11

4 min lest
0
0
648

20170722_200548Mark. 10,28- 31

Då tok Peter til ords og sa: Kva så med oss, som har gått frå frå alt og fylgt deg? Jesus svara: Sanneleg, det seier eg dykk: Ingen har skild seg med hus eller brør eller systrer eller mor eller far eller born eller åkrar for mi skuld eller for evangeliet skuld, utan at han skal få det att hundre gonger: her i tida hus, brør, søstrer, mødrer, born og åkrar – men forfylgingar og – og i den verda som kjem, evig liv. Men mange som er dei første, skal verta dei siste, og dei siste skal verta dei første.

 

Jesus har nett møtt den rike mannen som gjekk sturen bort frå Jesus, det kosta for mykje å fylgja han. Og nå viser Peter at han er eit vanleg menneske, når han spør: «Kva så med oss, som har gått frå alt og fylgt deg?» Og eg tykkjer eg høyrer spørsmålet fortset slik: Kva skal vi få, får vi noko igjen etter å ha gått frå alt? Løner det det seg å forlate alt og følgja Jesus?

 

I denne samanheng tenkjer eg på noko ei frimodig, kristen jente på  15-16 år sa for vel 50 år sidan,  Ho hadde foreldre og søsken som bevisst gjorde livet surt for henne for å få «dei kristelige grillene» ut av henne. Ho sa det slik: «For meg betyr det  mykje meir å ha Jesus enn å vera gullungen heime.» Ho hadde sett og opplevd noko veldig viktig, noko av det teksten vår talar om.

 

I teksta vår legg ikkje Jesus skjul på at det kan kosta noko å fylgja han, ja det kan kosta mykje, til og med forfylgingar. Det må vi rekna med. Men han er og tydeleg på at det løner seg når han ser dei lange linjer og det vide perspektiv. Den som fylgjer Jesus får  nye, gode ting i livet her i tida, og så eit evig liv i den verda som kjem.

 

Gjennom eit langt liv har eg møtt lite av av forfølging og vondskap, men litt meir av forsaking og sakn. Men alt dette blir så smått målt opp mot alt det fine, gode og verdfulle eg har opplevd, både i heimen og  arbeidslivet og i møte med misjonsfolk mange stader rundt om i landet.

Eg har fått så mykje her i tida, og meir blir det i verda som kjem, når det evige liv skal levast fullt ut. Ja, slik blir det!

 

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…