Hjem Søndagskommentar 5. Søndag i påsketiden – Vintreet og greinene

5. Søndag i påsketiden – Vintreet og greinene

5 min lest
0
0
1,143

Joh 15,1-8

tre-natur1Eg er det sanne vintreet, og far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg og eg i han,  han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje vert verande i meg , vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. På den måten vert Far min herleggjort at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.

 

Tenk om eg og de andre som les teksta om vintreet og greinene greidde å ta til oss det som står her, då skulle mykje blitt forandra. Eg vil peika på 3 ting.

Det er ein organisk einskap mellom Jesus og den frelste syndar. Det er noko meir enn «tett ved sida mi går Jesus», meir enn å gå i Jesu fotefar, meir enn å bli boren av Jesu armar. Det er ein organisk einskap mellom vintre og greiner, mellom Jesus og den frelste syndaren og det gjer at det liv og dei krefter Jesus har, dei strøymer og i den som høyrer Jesus til. Paulus hadde sett og erfart noko av dette når han i Fil. 4,13 seier: Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

Det er ein organisk einskap mellom Jesus og alle kristne, alle frelste syndarar. Det er den same livsstraumen som flyt i alle kristne. Dette er meir enn å vera av same slekta, eller same forening, eller kyrkjesamfunn, eller meining og syn, eller nasjonalitet eller folkeslag. Det er den same livsstraumen frå Jesus som flyt i alle kristne, og derfor hører vi saman. Eg opplevde noko av deette når eg som reisepredikant kom til ukjent stad og møtte bare framande menneske – og så fekk eg ei god kjensle av å koma til mine eigne. Livsstraumen fungerte.

Om livsstraumen frå Jesus vert stansa  går det kraftig galt. Vi les ei setning frå teksten ein gong til:  Den som ikkje vert verande i meg , vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn.  Då kan vi ikkje fullføra den livsoppgåva Jesus ville vi skulle ha, og vi går fortapt.

Dette må vera ei sterk oppmoding om å ikkje bryta livsstraumen frå Jesus, men gå vidare under det herlege utsagnet: Alt maktar eg i han som gjer meg sterk.

 

Kåre Vølstad

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Vi når lengre ut!

Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…