Hjem Søndagskommentar 3. søndag i fastetiden – Ein dristig, raus og realistisk Jesus

3. søndag i fastetiden – Ein dristig, raus og realistisk Jesus

5 min lest
0
0
2,306

Luk. 22,28- 34

Jesus og disiplene nattverdsbordet

De er dei som har halde ut hjå meg i prøvingane mine. Og no overlet eg riket til dykk, liksom Far min har overlate det til meg. De skal eta og drikka ved mitt bord i mitt rike, og sitja på troner og styra dei tolv Israelsættene.

Simon, Simon! Satan kravde å få sikta dykk som kveite. Men eg ba for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine. Herre, sa Peter, med deg er eg budd til å gå både i fengsel og i døden. Men Jesus svara: Eg seier deg, Peter: Hanen gjel ikkje i natt før du tre gonger har nekta at du kjenner meg.

 

Teksta i dag tek oss med inn i nattverdsalen og vi får del i noko av Jesu avskjedstale. Og her møter vi ein Jesus som  er  både dristig,  raus og realistisk.

 

Han er dristig når han  «overlet riket til dykk». Jesus kom for å grunnlegge Guds rike her i denne verda. Det skulle han gjera ved sin soningsdød på Golgata. Når riket er grunnlagt overlet han til læresveinane – og sidan den kristne menighet – å byggja Guds rike vidare utover til alle folkeslag. Som kristne står vi i denne samanheng – å du for eit herleg privilegium og ansvar. Tenk at Jesus våga å satse på slike som deg og meg. Imponerande!

 

Han er raus når han inviterer til «bordsete». Det er invitasjon til fellesskap med Jesus og den kristne  menighet både ved nattverdbordet her i tida og ved det himmeldske festbordet i det fullendte herlighetsrike. Eg kan ikkje tenkja meg noko større eller betre fellesskap enn dette, derfor er eg både stolt og glad for å ha fått ein plass ved dette bordet.

 

Han er realistisk når han fortel kva som har skjedd og om kva som ventar her i verda.

Jesus veit at Satan er ein levande verkeleghet som med forskjellige midlar vil prøva å røva trua frå Peter,  og sidan alle Guds barn. Han veit at Peter vil svikta, men ser og veit at det er oppreising etter fall, og at Peter skal bli «klippen». Han ser og veit om fall og nederlag hjå Guds barn gjennom alle tider, også hjå meg og deg som les dette.

 

Jesus er realistisk, og han veit at han har vunne over Satan og hans makt. Han veit at han også kan kan berga og fria Guds barn få Satans makt.

Han veit at han har makt til å reisa opp den fallne og gje nye oppgåver til den som svikta. Han har all makt i himmelen og på jord, – og lovar å vera med sine alle dagar så lenge verda står. Matt 28,18-20.

Med dette som bakgrunn ser vi det er store og gode mulegheter, også for oss, til å vinna over Satan og alle øydeleggande krefter.  Difor seier eg: God tur vidare på livsvegen saman med Jesus, heilt til du sit ved bordet i det fullendte Guds rike.

  • ‘Søndag før Pinse

    Søndag før Pinse – 12.05.2024 Joh 3,16-21 For så høyt har Gud elsket verden at han g…
  • 6. søndag i påsketiden

    6 søndag i påsketiden – 05.05.2024 Matt 7,7-12 Photo by Franzi Meyer Be, så skal der…
  • Bli med oss i bønn!

    Fra og med 6 Mai til 14 Juni skal Jesusnett ha 40 dagers bønn og faste! Gjennom 20 år har …
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
  • 6. søndag i påsketiden

    6 søndag i påsketiden – 05.05.2024 Matt 7,7-12 Photo by Franzi Meyer Be, så skal der…
  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

‘Søndag før Pinse

Søndag før Pinse – 12.05.2024 Joh 3,16-21 For så høyt har Gud elsket verden at han g…