Hjem Søndagskommentar Såmannsøndag – Det spirer og gjev grøde

Såmannsøndag – Det spirer og gjev grøde

6 min lest
0
0
1,646

Mark. 4,26- 34.Kornaks

Han sa: Med Guds rike er det som når ein mann har sådd kornet i jorda. Han søv og står opp,det vert natt og det vert dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til. Av seg sjølv ber jorda grøde; først strå, så aks, så fulle korn i akset. Så snart åkeren er skjær, tek han fram sigden; for hausten er komen.

Og han sa: Kva skal vi likna Guds rike med? Kva samanlikning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det vert lagt i jorda, er det mindre enn noko anna frø i verda. Men når det er sått, renn det opp og vert større enn alle hagevokstrar, og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.

I mange slike likningar tala han ordet til dei, etter som dei var god til å høyra. Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, la han det ut for dei alt saman.

 

I dag får vi lære eit par ting om Guds rike, og korleis det fungerer.

Kornet og sennepsfrøet er ulike, men har ein ting felles, begge har liv og vekstkraft i seg sjølv. Jorda dei blir sådd i kan ikkje skape liv, den kan bare gje næring til livet som er i frøet.

I Guds rike er det orda frå Bibelen som er såkornet, og det har liv og vekstkraft i seg sjølv. Derfor er  det å så Guds ord i folkejorda ei stor og viktig oppgåve. Og eg ser mange som sår – søndagskule-læraren midt i barneflokken, familien samla til husandakt, skuleungdom i samling og samtale om Jesus, fritidspredikanten på preikestolen og mange andre, som læraren, emissæren, presten, bispen og – mange, mange andre. Til alle dykk vil eg seia: Du skal ikkje kunngjera ditt eige syn og eigne meiningar om mangt og mykje, du skal så Guds ord.  Du skal bera fram Guds ord:  «Så seier Herren» og «Det står skrive». Når du gjer det, gjer du ei stor gjerning i Guds rike.

 

I Guds rike må vi  lære å vera tålmodige. Det kan gå lang tid mellom såtid og innhausting, og i ventetida kan spørsmålet melda seg: Kan det nytte å halda på med dette, det blir ingen resultat av strevet mitt. Legg merke til dette: Guds ord har liv og vekstkraft i seg sjølv, og det skal bera frukt. Ein stad eg var høyrde eg ein mann i moden alder fortelja at han vart aldri kvitt  påverknaden frå søndagsskulen i barneåra. Guds ord bar frukt. Eg var i ei gravferd og på eit minnemøte der ein flokk vaksne barn hadde følgd far til den siste kvilestad. Under minnesamværet sto to av barna fram og sa dei ville bli kristne, men det var først etter at den truande far deira var lagd i grava. Guds ord bar frukt. Og vi har høyrt representantar frå fjerne land stå fram og takke norsk misjon fordi dei hadde kome til dei med Guds ord og alt det førte med seg. Guds ord bar frukt.

Han lever, han lever, du såmann gjer ditt verk med mot,

Det nyttar, det nyttar, Guds ord gjev grøda god.

På dette merk, den armen sterk, kan enno gjera underverk,

Han lever, Han lever, til arbeid gå med mot.

 

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…