Hjem Søndagskommentar 4. søndag etter Kristi åpenbaring

4. søndag etter Kristi åpenbaring

5 min lest
0
0
249

Joh. 9,1- 7. 35b – 38.Helbredet

Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane spurde: Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind? Jesus svara: Korkje han elle foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han. Så lenge det er dag, må eg gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida. Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.  Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen. Så sa han til han: Gå og vask deg i Siloa-dammen. Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att kunne han sjå.

Då han møtte han , spurde han: Trur du på Menneskesonen? Mannen svara: Kven er han, Herre, så eg kan tru på han? Du har sett han, sa Jesus. Det er han som no talar med deg. Eg trur, Herre, sa mannen og kasta seg ned for han.

 

Ut frå teksta skal vi streke under to ting.

Gjennom alle tider har menneske som hadde fysiske skavankar eller sjukdom spurt med smerte: Er det Gud straffedom at eg må lide slik eg gjer? Den blindfødde mannen i teksta møter dette synet også hjå Jesu læresveinar. «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»

Teksta gjev oss tydeleg svar, og svaret er Nei!  Blindheta hjå den blindfødde var ikkje straff for konkrete synder, men «det hende for for at Guds gjerningar skulle syna seg på han.» Dette er vanskeleg å forstå, men så langt eg kan sjå så er dette eit prinsipp som gjeld i Guds rike gjennom alle tider.

 

Jesus gjer her eit loddrett under. Farisearane prøvde å bortforklare underet, utan å lukkast. Jesus gjorde mange andre lækjarunder, og måten han gjorde det på kunne variere. Det var ikkje formene som var avgjerande, men den guddommelege kraft Jesus hadde.

Eg er redd for at det fins mange kristne som er så «snusfornuftige» at dei ikkje kan eller vil rekna med at Jesus kan lækja sjukdom på underfull vis i dag. Men det kan han.

I Bibelen er det peika på 3 ulike måtar vi kan gå fram på.   1.) Ved bøn og salving med olje av kristne leiarar. Jak. 5,13- 16.  2.) Det er nokre i kyrkjelyden som har fått nådegåva til å lækja. 1.Kor. 12,4- 11. Sjå særleg vers 9.  3.)  Alt du har på hjarte – også sjukdom – kan du legge fram for Gud i bøn. Fil.4,6. Og vi ser at dette kan fungere også i vår tid, derfor kan vi med frimot bruka dette.

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

16. Søndag i treenighetstiden – «ALT HAN HAR GJORT, ER GODT!»

  Mark 7. 31 – 37 DEN DØVE SOM HADDE VONDT FOR Å TALA Sidan drog Jesus bort att frå T…