Hjem Søndagskommentar 4. søndag i adventstida

4. søndag i adventstida

6 min lest
0
1
323

In the end

Luk.1,39-45

39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.
*

Kva snakkar to gravide kvinner om når dei kjem saman? Eg er ikkje sikker på om eg ville vere tilstrekkeleg interessert, så ingen treng å sende meg svaret. Likevel anar eg at samtalen mellom Elisabeth og Maria var uvanleg. Så var dei ganske forskjellige, også. Elisabeth hadde levd eit langt samliv utan å bli gravid, men no, lenge etter “fristen” hadde Guds velsigning over samlivet resultert i graviditet. Vaklande rundt i huset med stor mage får ho besøk av Maria. Ugift og seksuelt uerfaren. Men gravid. Kanskje var det best for henne å komme seg vekk frå vesle Nasaret og folkesnakket. Slektningen Elisabeth blei redninga. Der kunne ho snakke. Der kunne ho senke skuldrane.

 

Og så startar “samtalen”. Vel, samtalen er kanskje for sterkt. Først velsignar Elisabeth Maria. Deretter prisar Maria Gud. Eg tvilar på at det er typisk kvinneprat, men eg veit jo ikkje. Både velsigning og lovprising skulle gjerne vere meir av både menns og kvinners tale.

 

Søndagens tekst avgrensar seg til Elisabeths velsigning av og oppmuntring til den skjelvande, unge og gravide Maria. Marias lovsong følgjer etterpå. Men kva seier Elisabeth som vi skal bygge trua vår på?

 

For det første løftar ho Maria opp som eineståande. Mellom alle kvinner står Maria i ei særstilling. Slik er det ikkje fordi ho er noko spesielt i seg sjølv eller har særlege kvalitetar. Ho er ikkje unntatt frå den syndige naturen som vi alle deler, slik det blir lært i katolsk tradisjon. Tvert om understrekar Lukas fleire gongar at Gud og hans engel kom til henne og gav sin nåde. Det var Marias behov, slik det er vårt. Elisabeth understrekar klart at Maria er velsigna mellom kvinner fordi frukta av hennar morsliv er velsigna. Maria er eineståande på grunn av det oppdraget ho fekk, på grunn av den sonen ho bar fram. Hos Elisabeth blir dette uttrykt i v.43: “Mor til Herren min”. I oldkyrkja brukte dei ordet “theotokos” om Maria – “ho som fødde Gud”. Ingen menneske har hatt eller vil få eit større oppdrag enn det Maria fekk. Ingen av oss kan eller skal dele det. Det forstod Elisabeth, og ho undra og gledde seg over dette heilage nærveret i sitt hus.

 

Men Elisabeth held også fram ei side ved Maria som vi kan og skal dele. Ho avsluttar velsigninga si med å erklære Maria salig “fordi ho trudde”. Der er Maria og vi på like fot. Ho blei utfordra til å tru det umulige, til å tru Guds løfte, til å tru det berre Gud kan gjere. “For ingen ting er umulig for Gud,” var engelens ord til henne (v.37). Maria trudde og sa ja til Guds vilje. Dette kallet gjeld oss alle. La derfor bønna inn mot julehøgtida blir som denne:

 

Å, drag oss ganske til deg hen,
du store, milde sjelevenn,
så vi i troen favner deg
og følger på din himmelvei.

Ansatt ved NLA Høgskolen i Bergen. Tidligere generalsekretær i Normisjon.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

3. søndag i treeningstiden

Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…