Hjem Søndagskommentar 2. søndag i påsketiden

2. søndag i påsketiden

8 min lest
0
0
1,180

1 Pet 1, 3-9
Illustrasjon verdens lys
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!   Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk,   de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.
     Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar.   Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.   Han elskar de, endå de ikkje har sett han; han trur de på, endå de no ikkje ser han. Og de jublar og er fylte av ei glede så herleg at ho ikkje kan tolkast med ord,   for de skal nå målet for trua: frelse for sjelene dykkar.

 

Kva kan ha berekraft frå først til sist? Finns det noko som eg kan satse livet på, noko eg trygt kan legge livet mitt i hendene på? Finns der noko? Finns der nokon?

I kyrkja sine liturgiar finns eit bibelord som blir brukt både ved dåpens inngang til livet og ved gravferda sin utgang frå livet. Det er Peters triumferande og tilbedande ord om at Guds store miskunn på grunn av Jesu seier over døden, har makt til å gi oss nytt liv, v.3.

Då jødane skulle dra frå heimens trygge fred og ro til fest og høgtid i Jerusalem, skulle vegane deira gå gjennom utrygge område og mykje fare. Derfor hadde dei behov for ei forsikring frå ein som kunne vare utgang deira frå heimen og inngangen deira i Jerusalem – og heile den utsette reisa mellom der. Sal 121, 8

Slik er det med våre liv også. Peters første brev er meir enn noko anna skrift i Bibelen innforstått med at livet som kristen er eit liv i farefulle landskap og slett ingen dans på roser. I sjølve evangeliet ligg eit innhald som vekker motstand og provokasjon. Kallet til etterfølging er ikkje eit kall vekk frå livets ordinære vilkår. Tvert om. Jesus sjølv sa at den som følgjer han, må bere krossen hans. I tillegg til det som elles høyrer livet til. Men den som er døypt til Kristus og har høyrt kallet til å bryte opp og følgje Jesus, ber dette merket frå sin utgang: Herren kjenner sine. På det skal vi også bli tatt imot i vår evige inngang: Herren kjenner sine.

Vi er fødd på nytt, ved Guds Ande. Og ved evangeliet. Slik det møter oss i Guds ord, og slik det møter oss i den heilage dåpen. Vi treng eit slikt inngrep. «Dette livet fantes ikke i meg. Det er kommet til meg utenfra.» (Vidar Kristensen) I dåpen blei eg gjort til eitt med Jesus, slik at hans død blei min død og hans oppstode blei mi oppstode. I det ligg det eit løfte og eit kall om å bli fri synda og eit løfte og eit kall til å ta imot livet. Det evige livet.

Peters første brev viser oss kor nødvendig det er å forstå livet i lys av det evige for i det heile tatt å få grep om det. Lidinga og smertene i den verda som no er, ber i seg så mykje urett som ikkje finn svara sine innanfor rammene av det timelege. Martyriet i den kristne kyrkja føder eit rop i Johannes openberring: Kor lenge Herre? Underforstått: Når skal rettferda sigre?

Det skal den i Guds time, slik den allereie har seira i Jesu oppstode. Derfor er Peter så opptatt av å fortelje oss at den nye fødselen ved Anden har gjort oss til Guds barn. Er vi barn, er vi nemleg arvingar. Guds arvingar og Kristi medarvingar. Den arven kan aldri minke. Den er himmelsk og rikeleg og er garantert av Jesu oppstode frå dei døde. Mist aldri det av syne.

Last flere relaterte artikkler
  • 3. søndag i adventstiden

    3 søndag i adventstiden – 17.12.23 Luk 3,7-18 Bilde av Alex Perez Mye folk dro ut fo…
  • 13. Søndag i treenighetstiden

    13 søndag i treenighetstiden – 4.09.2022 Joh 15,13-17 Bilde av il vano Ingen har stø…
  • 13. søndag i treenighetstiden

    Joh 15, 13-17 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. De er…
Last flere av Rolf Kjøde
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…