Hjem Søndagskommentar Stefanusdagen – 2. juledag

Stefanusdagen – 2. juledag

4 min lest
0
0
1,246

Joh. 16, 1 – 4a (Lesetekster Klag. 3.52 – 57; Fil. 1,27 – 30)Illustrasjon Advarsel 1328206406_200x200

Dette har eg sagt dykk så de ikkje skal førast til fall. Dei skal støyta dykk ut av synagogen. Ja, det kjem ei tid då kvar den som slår dykk i hel, trur han gjer Gud ei teneste. Og alt det gjer dei fordi dei korkje kjenner Far min eller meg. Dette har eg sagt dykk slik at de, når deira tid kjem, skal hugsa at eg sa det til dykk. Eg sa ikkje dette til dykk frå først av, for då var eg hos dykk.

 

Liturgisk farge er raudt midt i julehelga fordi me skal tenkja over at den som trur på Jesus Kristus, vert forfølgd. Slik har det vore sidan Jesus gjekk ikring i Israel.

I kapitlet før lovar Jesus å senda Talsmannen, send frå Far for å vitna om Jesus. Men Jesu læresveinar skal og vitna (gresk: martyreite). Forfølginga har samanheng med det historiske vitnemålet som Jesu læresveinar gav om Jesus Kristus. Me høyrer om både eit vitnemål ovanfrå, ved Talsmannen og eit vitnemål her nede, frå Jesu historiske vener. Jesu læresveinar var berarar ved sin stemme, kroppsspråk og liv av dette doble vitnemålet. Dette var og er framleis forskjellig frå eit verdsleg liv. Vitnemålet har slått rot i menneske, dei vart fødde på ny  og vart på mange måtar ulike sine naboar i både åndeleg og sjeleleg/ menneskeleg forstand. Deira Jesusfromheit gjorde dei ulike jødane.

Difor vart dei første kristne forfølgde av jødane, men seinare vart ekte kristendom forfølgd av alle folkeslag dei kristne støytte på.

 

Jens Olav Meland skriv om Haugerørsla:”Den sosiale oppdrift som Hauge og  haugianismen representerte på attenhundretalet har levd vidare  over heile landet. Vekkinga på tjuehundretalet  har identifisert seg med Hauge-arven ved at slekter har fått bera vidare ein “kristendom der livet braut fram med kraft og glød i åndeleg og sosial forstand.” Kristendommen slo og rot i menneske og skapte ein eigen Jesusfromheit som gjorde dei ulik dei andre kyrkjekristne. Difor vart Hauge først forfølgd og seinare hans vener.

 

Verda kjenner ikkje Jesu vener og vil ikkje akseptera denne skilnaden, som vert ein for sterk realitet. Dei kjende ikkje verken Jesus eller hans Far, difor forfølgde dei Jesus og seinare kyrkja.

 

Når vekkinga går over verda idag som aldri før, vert Jesu Kristi kyrkje på jorda forfølgd som aldri før.

 

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…