Hjem Søndagskommentar Romjulssøndag 27. des

Romjulssøndag 27. des

8 min lest
0
0
1,535

Luk. 2,25-35, (Lesetekster Jes. 66, 10-13, Rom. 11, 33-36.)Simon og Jesusbarnet

I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han,  og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva.  No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova,  tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa: 

«Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, slik som du har lova.

For mine auge har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk, eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel.»

Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.  Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt  – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»

 

Åtte dagar etter at barnet vart fødd i Betlehem vart Jesus omskoren og fekk namnet Jesus på namnedagen sin. Me ser samanhengen mellom den jødiske skikken å omskjera gutebarnet på åttande dagen og gje gutebarnet namn på den dagen. Omskjeringa er paktsteiknet innafor jødedommen, medan dåpen er paktsteiknet innafor den nye pakt, kristendommen. Vi kan anføra skikken å døypa spedbarnet som ei vidareføring av den jødiske omskjæringa som paktsteiknet, barnedåpen er etter katolsk og luthersk tankegang det kristne paktsteiknet. Maria er kultisk rein etter 7 dagar og åttande dagen skjer det, Jesus vart omskoren. Maria og Josef ventar i 33 dagar før dei dreg til Jerusalem, dette og ifølgje Moselova (3.Mos. 12) for at kvinna sitt blod skal reinsast etter fødselen. Først då kan dei dra til tempelet med det vesle gutebarnet, Jesus.

 

Me kan sjå for oss at Josef kjem der med det vesle barnet opp mot det strålande vakre HERODES’ tempel. Dei ber fram eit par turtelduer eller dueungar som offer og Jesus vert førd fram for å helgast til Herren. At dei vel to turtelduer, eller dueungar i staden for eit lam, tyder at Jesu foreldre var fattige og at Jesus vaks opp i fattigslege kår i ein enkel tømmermanns-familie.  Jesus vart fattig for at vi skulle verta rike.

 

Teksta vår fortel at det då levde ein heilag mann i Jerusalem. Mannen heitte Simeon og var ein rettvis og gudfryktig mann. Han hadde ei overtyding om at han ikkje skulle døy før Israels Messias vart fødd. Driven av Den Heilage Ande kjem han til tempelet. Når Jesu foreldre kjem med det månadgamle Jesusbarnet for å bera han fram for Herren, då stig gamle Simeon fram, tek

barnet i hendene sine, lyftar barnet opp og stemmer i ei lovsong, v.29-32.

 

Maria og Josef står der begge og ser på den gudfryktige mannen med Jesus i hendene sine. Dei ser eit andlet som skin og dei undrar seg over det som vert sagt om barnet, Jesus, som Maria har fødd til verda for ein månsd sidan.

Barnet er Guds frelse. Han er sett til fall og oppreising for mange i Israel. Han er eit teikn som vert motsagt. Gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd.

Slik skal dei tankane mange ber i hjartet koma fram i dagen.

 

Barnet er Guds frelse. Jesus skal berga menneske frå synda og døden. Han skal gje oss livet ved sin død. Sverdet skal gå gjennom kroppen hans, ta livet hans, men han skal vinna frelse for alle som trur at dette barnet er vegen, sanninga og livet – eit hjelpelaust lite barn, avhengig av mor og far for å leva – han er håpet for verda.

 

Guds under er Jesus – Gud og menneske. Gud bur hjå oss.

Guds under er Jesu sigersrop på krossen  –  Det er fullbrakt!

Jesus bar syndebøra eg skulle bera opp på krossen  –  Der sona han for mi synd, for di synd!

Guds under er Jesu oppstode – Liksom Kristus vart oppreist frå dei daude ved Faderens

veldige kraft – skal me og leva det nye livet.

Jul deler historia i to – før og etter Jesu liv, død, oppstode og himmelferd.

Når Jesus vert tydeleg gjennom julefeiringa  –  Då vert lysa tende til jul, då vert det gledeleg jul!

Då kan juleklokkene kima, gje gjenklang i mitt sinn.

Skal vi opna hjarta vårt for Jesus?  Då stig Jesus inn til deg!

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …