Hjem Søndagskommentar 2. søndag i Advent – Søndag for fred og menneskerettar.

2. søndag i Advent – Søndag for fred og menneskerettar.

13 min lest
0
0
5,503

PDF
 

lys3Johannes 14,1-4.  Lesetekstar: Salme 33, 18 – 22, Hebr. 6,13-19a.

La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg! I min Fars hus er det mange rom. Var det ikke slik, hadde jeg da sagt dere at jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere? Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. Og dit jeg går, vet dere veien.»

Denne sundagen er forventninga sin Adventsøndag og epistelteksta  frå Hebrearbrevet talar om “vona vi har, eit trygt og fast anker for sjela, som når innafor forhenget, dit Jesus har gått i førevegen for oss.” Tenk for ein grunn til trøyst for Jesu forhutla og redde disiplar, som var redde for å mista sin Rabbi, sin Meister. Grunnen til at Jesus forlet sine, var at Han skulle vera deira og vår frelse, deira og vårt anker og ankerfeste for sjela. Difor kan Jesus seia: “Lat ikkje hjartet dykkar uroast. Tru på Gud og tru på meg! Trøysta frå Den Gamle Bok kjem til oss på same måten. Det trøyst som gjeld Jesu læresveinar, gjeld oss

Per Lønning har sagt at når ting vert vanskeleg i kyrkja, har ho lært å venda attende til utgangspunktet. Det gjorde dei 11. Dei drog frå Jerusalem, la i veg til Galiléa i tru på den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Dei elleve læresveinane gjekk til Galiléa, til det fjellet der Jesus sa han ville møta dei. I Galiléa hadde Han kalla sine fiskarar, levd saman med dei, forkynt evangeliet om Guds Rike, halde bergpreika, gjort store under, og late dei og oss oppleva Jesu herlegdom, då Han lærde oss i likningar. Galiléa var og er bakgrunnen, då Jesus vart teken opp til himmelen og Jesu vener sto og står att med bodskapen frå ein heil Bibel, GT/NT og Heilaganden si vegleiing til heile sanninga. Vi som sveik, som Peter, men angra vår synd, skal likevel få høyra med i Jesu flokk. Vi skal få dra attende frå Jerusalem til Galiléa og høyra frå Jesus: “Lat ikkje hjartet dykkar uroast!

Kanhenda lyt vi venda attende til urkyrkja, til læresveinane som sto nærast Jesus og berettar for oss frå tida i Galiléa   Skal vi handla bokstaveleg tala i tråd med  Matias Orheim si strofe: “Så er mi tenesta stor for Gud og heimen han er mi kyrkje.”   Vi kan starta slik Haugianarane  gjorde, falda hender heime i stova i bøn over ein open Bibel, be for Dnk, folket vårt og landet vårt!

Vi som har gått ut, kan ved Guds nåde i Kristus Jesus, stifta ei huskyrkje under namnet:  NV – kyrkje  –  Norsk Vedkjenningskyrkje  som vert to ulike ting. For det første ei enkelt huskyrkje, eller ei Bedehuskyrkje. For det andre eit overbygg, eit kyrkjesamfunn som  vil gje kristne organisasjonar fridom til å driva eiga kjerneverksemd, eige arbeid. Vårt nye kyrkje-samfunn Norsk Vedkjenningskyrkje skal byggja på dei oldkyrkjelege vedkjennings-skriftene, Luther si vesle katekisme og Augustana. Me vil vera i tradisjonslina Meisteren, Læresveinane, Oldkyrkja, Martin Luther, Dei lutherske kyrkjene, Pietismen, Haugerørsla, Bedehuset, lekmannsrørsla og historiske vekkingar. Fullt medlemskap  og stemmerett i NV/NB, og valbarheit til  styrer i kyrkja NV/NB forutset at ein

– meiner alvor med å følgja Bibel og vedkjenning,

– er ein truande som tek flittig del i gudstenestefellesskapet i ei av dei lokale Hus-kyrkjene eller Bedehuskyrkjene som høyrer innunder NV – Norsk Vedkjenningskyrkje.

“De skal ikkje la nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle sysken. Kalla ikkje nokon her på jorda far; de har berre éin Far, han som er i himmelen. Lat ikkje nokon kalla deg lærar; du har éin lærar: Kristus. Den største av dykk er tenaren.” (Matt. 23,8 f.) Det er hovudvisjonen for NV, som ynskjer, ved Guds nåde, å vera med på å evangelisera Noreg, læra opp ein ny generasjon i kristen tru og lære, og vera ein aktiv aktør i misjonsrørsla. Vi kjenner oss heime i kyrkja me med eit langt ord kallar Klassisk norsk, evangelisk luthersk Kyrkje (KnelK)  der me samlast på Bedehuset og i heimane om Guds Ord og Sakramenta Dåp og Nattverd.

 

Me tek eit steg eller to frå kyrkjebygg til heimar og Bedehus og får lettare kontakt med dei som er samla der. Din og min heim vert mi og di kyrkje. Vi misser ikkje heimen, men finn att Kyrkja, Bedehuset og ein rikare heim. Aldri har bustandard vore betre enn nå.  At folk frå fleire husstandar samlast i ein heim til gudsteneste, vil vera både sosialiserande, nytt og moderne i norsk kyrkjeliv. Kyrkja vert betre utan kyrkjebygg som krev store kostnader. Ved Guds nåde i Kristus Jesus, vert VK/BK eit Isai’s rotskot (Rom. 15,12), som veks frå den ferske stuven etter fallet i Dnk. Vi kan ta over kyrkjer som det, naturleg nok, ikkje lenger vert bruk for i Dnk. Vi har ikkje hastverk. Om vi forkynner lov og evangelium, slik at menneske vert frelste og kjem til tru, vil kyrkja veksa åndeleg og økonomisk. T.d. NVKyrkje i Sandnes vert ei funksjonell kyrkje, kanhenda utan prestekjole men heilt sikkert utan samkjønna vigselsliturgi. Liturgien, generelt sett, og den nye Salmeboka er vi stort sett godt nøgde med, likevel vil det koma endringar i tråd med NV/NB sitt kyrkjesyn, som vil føra til liturgisk forenkling, men NV vil sørja for liturgisk struktur og balanse.  Heile belastninga bør ikkje falla på ein heim, det vil alltid vera mogleg å rotera, til beste for huskyrkja sin gjesteheim – at det å vera gjesteheim vert ei glede!

Organisasjonar som vil samarbeida med NV/BK, er hjarteleg velkomne til å starta sine Huskyrkjer eller Bedehuskyrkjer,  organisera sine gudstenester og VK vil gjerne føra samtalar  med organisasjonar som deler våre synsmåtar. Vi ynskjer å finna fram til gode ordningar. Ligg det kanhenda effektivisering  og nye moglegheiter for evangelisering i ei slik løysing? Kyrkjenamna NV “Norsk Vedkjenningskyrkje” og KnelK Klassisk norsk, evangelisk luthersk Kyrkje” kan begge brukast som namn  og er ikkje brukt av andre, er meldinga frå Brønnøysundregisteret. Du kan starta heime i bøn over ein open Bibel og ei enkel gudsteneste heime, registrering  når lokal VK veks, slik at det er meiningsfullt og nødvendig å verta registrert. “Alt som voks seg sterkt og stort, byrja i det små og stille. Verket vart med truskap gjort,- slik som himmelen det ville.  Kjempe-tre i haust-sterk storm,- først eit lite frø i lidi. År om anna tok det form,- og ei kjempe vart med tidi. TB i “David”.

 

Første NV – huskyrkje startar opp første søndag i Advent. Ta gjerne med  nyaste utgåve av Norsk Salmebok og Bibel. VELKOMEN TIL Norsk Vedkjennings-Kyrkje i ME-TO,

  1. november kl. 11,00 hjå Anne&Ingolv Gjedrem, leil. A-103, Meierigt. 14a, 4340 Bryne.

Dette kan vera ein måte å leva i aktiv forventing og tillit til Jesu lovnader. “Lat ikkje  hjartet Dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!” Vona er eit trygt anker for sjela, som når bak forhenget!                                     

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …