Pinseaften.

6 min lest
0
0
1,443

Joh. 7, 37 – 39. (Lesetekstar: 2. Mos. 24, 3 -11 og  Ef. 2, 17 – 22.)Foss

Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tørstar, skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, for Jesus var endå ikkje herleggjord.

 

I dei første 6 kapitla handlar det Johannes seier, i det store og heile, om Jesu virke i  Galilea, men ved kapittel 7 er vi på veg opp til  Jerusalem. Me får her høyra om dei debattar Jesus førde med jødane under lauvhyttefesten, og  at Jesus for alvor står fram i Jerusalem. Siste dagen i høgtida må sannsynlegvis vera den 7ande dagen i lauvhytte-festen, den siste dagen folket budde i lauvhytter var den store dagen. Då gjekk prestane 7 gonger rundt altaret, medan dei bar pilegreiner i hendene og  song det store Hosianna

frå Salme 118, 25: “Herre frels! Herre la det lukkast! Hosianna!”

 

Kvar morgon, dei 7 dagane i lauvhyttefesten, gjekk folket i prosesjon etter ein prest, frå tempelet til Siloah-dammen, der han under jubel frå folket  fylte ei forgylt krukke med vatn i Siloahkjelda og bar, under jubel frå folket, vannkrukka attende til  føregarden i tempelet. Komen attende til tempelet steig presten opp på brennofferalteret og tømte ut vatnet som drikkoffer.

 

Under denne handlinga song folket, akkompagnert av  tempelmusikken Jesaja 12,3: “Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse!”  Denne salmeteksta vart oppfatta som messiansk. Presten som sto på brennofferalteret og slo vatn over brennofferaltaret var eit  bilete på at Herren let vatn renna frå fjellet, medan folket vandra gjennom øydemarka og budde i lauvhytter, slik som under lauvhyttefesten.

 

Slik er det at Jesus på denne store festdagen stilte seg i føregarden og ropte ut så høgt og inntrengjande som mogleg,  invitasjon til dei som var tørste om å koma for å drikka: “Den som tørstar skal koma til meg og drikka. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar av levande vatn.”

 

Jesus seier ikkje berre at han har vatnet, men at han er kjelda med det levande vatnet, han er Messias, Kristus. Jesus er det dei song om kvar dag, dei sju dagane i lauvhyttefesten: “Med glede skal de ausa vatn or kjeldene til frelse!”

 

Den som treng Jesus kan koma  og drikka frelse, liv og saligheit. Kva er det vi verkeleg treng, meir enn noko anna? Me treng Jesus og alt det Han er og har gjort for oss i sitt liv, sin død og si oppstode. Når Jesus går attende til Far, treng me Den Heilage Ande som skal vitna om Jesus for oss. Men ikkje nok med det: “Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta har sagt, renna elvar av levande vatn.” Jesus sørjer for liv og overflod: “Strømmer, strømmer av nåde, salighet glede og fred. Jeg ber deg om mere enn dråper, strømmer send over oss ned!”

 

På pinsedag vert kvar truande ei kjelde med levande vatn for andre: “Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta har sagt, renna elvar av levande vatn!”

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…