Hjem Søndagskommentar Søndag før pinse – Frigjeringsdagen

Søndag før pinse – Frigjeringsdagen

6 min lest
0
0
1,571

Joh. 16, 12 – 15. (Lesetekstar: 1. Kong. 19,3b  – 13, eller  Ap.gj. 24, 10 – 21  og  1. Joh. 5, 6 – 12.)Illustrasjon Pinseaften 2 1307266211

Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.

 

Anden er her skildra som Advokat (Paraklet, ein som er tilkalla) som skal føra bevis til å slå fast kor feil denne Verda har dømt om synd, rettferd ja om heile sanninga. Vi kan tenkja at ein del av denne bevisføringa ved Parakleten var Pinsedag og det som ved Anden vart formidla til kvar på deira eige språk. Pinsedag vart det religiøse medvitet skaka hjå  både jødar og heidningar og mange kom til tru på Jesus. I Pinsehendinga, som i sin heilheit var eit stort under, spela og den apostoliske forkynninga ei stor rolle.

 

Både jødar og heidningar såg med eitt  sitt eige liv, synda og kva rettferd er i eit nytt og uventa lys. Sanninga om deira sanne stilling stakk dei i hjarta og dei erkjente si synd, anerkjente Jesu rettferd og søkte ved omvending og tru den frelse ved Jesus, Israels Messias, som Peter forkynte  i Ap.gj. 14,2 – 41.

 

Det er underleg at denne teksta fell på den store norske fridomsdagen 8. mai 1945. Vi kan bruka  måten nordmenn opplevde denne dagen som eit bilete på det som hende i Jerusalem på pinsedagen, då livet vart snudd opp ned og dei vart sette frie, frie til å tena Gud, frie frå synda sitt åk. Som nordmenn vart vi kvitt åket under tysk okkupasjonsmakt og vart eit fritt folk i vårt eige land. Krigen var over og det  var vår med forvandling i naturen og vår eigen kongefamilie kom heim att etter eksil i London, England og Sverige. Det var som ein draum, som eit under: “Gud signe vårt dyre fedreland og lat det som hagen bløma! ” Ja, den dagen gir oss ei vag aning av kva som hende i Jerusalem på pinsedag.

 

3000 menneske kom til tru som eit resultat av pinseunderet, berre på den eine dagen. Pinsedagen er begynnelsen på den kristne rørsla, kyrkja si tid. Den Heilage Ande følgjer disiplane og seinare dei truande gjennom alle forhold, medgang og motgang. “Men når Han kjem, Sanningsanden, skal Han leia dykk fram til heile sanninga.”

 

Alt Gud har i sitt forråd er gitt til Sonen. Når Jesus går til Far, gir Den Heilage Ande oss så mykje me kan bera. Poenget er at det er nok til å møta både medgang og motgang gjennom heile  den kristne menighet si tid. Pinsedag gav Gud til sin menigheit krafta i Guds eige, inspirerte Ord i Det Nye Testamente. Det er skrive ned under Den Heilage Andes inspirasjon. Menneske vart inspirerte av Gud til å skriva ned det den kristne kyrkja treng til alle tider.  Dei fekk innhaldet, men dei var ved fullt medvit då dei skreiv ned, Ordet er Guds Ord og menneske sitt språk og stil samstundes. Når me høyrer, eller les Ordet, er Den Heilage Ande verksam og me tek imot vitnemålet om Jesus, hans liv, død på krossen og hans oppstode, det vert til liv for oss. Guds Ord er levande og kraftig.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …