Hjem Søndagskommentar 2. søndag etter Kristi åpenbaring

2. søndag etter Kristi åpenbaring

6 min lest
0
0
1,881

Mark. 1,3- 11.

Ei røyst ropar i øydemarka:Illustrasjon Jesu dåp 1308593323 Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette!

Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene.  Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.  Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning.  Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans.  Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»  På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.  Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due.  Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

 

Den store og den største

Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd veg for Herren, gjer stigane hans rette.

Såleis sto døyparen Johannes fram i øydemarka. Han ropa ut at folket skulle venda om og la seg døypa så dei kunne få tilgjeving for syndene sine. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han, og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine. Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning. Han forkynte: Etter meg kjem han som er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den Heilage Ande.

 

Det lydde ei røyst i  øydemarka, ein mann sto fram og tala.  Det var ikkje noko imponerande over han, likevel strøymde folk frå alle kantar til for å høyra kva han hadde å seia. Kven var denne merkelege einstøingen ute i øydemarka, kledd i ei kappe av kamelhår og med grashopper og villhonning som mat?

Det var Johannes, døyparen. Han var send frå himmelen for å kalla folk til bot og omvending, slik at dei kunne få forlating for syndene sine. Og folk høyrde – og vende om, og Johannes døypte dei i Jordanelva medan dei sanna syndene sine. Forkynninga bar frukt der og då. Sjå på desse orda:

Botsforkynninga fører til  – bot – omvending – vedkjenning av sine synder – dåp. (=nytt liv.)  Slik forkynning er nødvendig overfor syndarar i dag og! Diverre er det så sjeldan vi høyrer  himmelsendte forkynnarar tala slik nå til dags.

Men Johannes hadde meir å seia, han peikar mot Jesus og forkynner kven han er og kva han har å gje. Han er sterkare og større enn Johannes, og han skal døypa dei med Den heilage Ande. Då skal botferdige menneske få del i alle dei gode ting som himmelen har, reinsing og tilgjeving for alle synder, barnekår hjå Gud og arverett til alt det himmelen har av herlegdom. Og dette er noko som vi  alt her og nå kan nyte godt av. Den Heilage Ande formidlar himmelkraft til livet på jorda, «så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning,» slik det står i 2. Tim. 3,17.

Det er godt å gå inn i eit nytt år under  slike lovnadar.

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…