Hjem Søndagskommentar Første søndag i faste, 9/3 -14

Første søndag i faste, 9/3 -14

6 min lest
0
0
989

Matteus 4, 1 – 11Illustrasjon advent 1290445271

 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.  Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» Jesus svara: «Det står skrive:
Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»

Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:
Han skal gje englane sine påbod om deg.
Og:
Dei skal bera deg på hendene
så du ikkje støyter foten på nokon stein.

 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»

 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:
Herren din Gud skal du tilbe,
han og ingen annan skal du tena.»

 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.

 

I fortellinga om at Jesus vart freista står det at ”Anden førte Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.” Det greske verbet som ligg til grunn for ordet ”freista” (peirazo),  tyder ”setja på prøve” eller ”dokumentera”.

Vi kan stå i fare for å la oss lokka, tilskynda, freista eller bli forførde til synd, ikkje slik med Jesus, som er prøvd i alle ting i likning med oss, då utan synd. Ikkje freistaren men Anden leia Jesus ut i ørkenen for at Jesu tru og messianitet skulle verta dokumentert. Jesus sigra då han vart sett på prøve av djevelen.

Prøvinga av Jesus 40 døger i ørkenen følgde straks etter Jesu dåp ved Johannes Døyparen.  Etter at Israelsfolket vart frelste gjennom vatnet i Sivsjøen, vandra dei gjennom ørkenen og vart sett på prøve i 40 år. Mellom Israelsfolket si prøving i 40 år og Jesu prøving i 40 døger, begge i ørkenen, er det ein parallellitet. Me er, som kristne, og på ørkenferd mot det landet Gud har lova. Det er godt at førebilete for vår ørkenferd ikkje berre er Israelsfolket, men og Jesus. Jesus sigra der Israelsfolket, du og eg mislukkast. Men koparslangen som vart sett på ei stong, berga dei ormbitne Israelittane som såg på den og koparslangen viser fram mot krossen som vart reist på Golgata. Kristi kross står midt i soga og kastar si frelseskraft framover og attende i soga.

 

Så vert Jesu freisting i ørkenen viktig for vår frelse,  slik teksta vår avsluttar: ”Men Jesus sa til han:”Vekk med deg Satan! For det står skrive: ”Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.” Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.” Så er vår framtidsvon knytt til Jesu siger då han vart freista av djevelen, hans liv utan synd som vert tilrekna kvar den som trur, hans død til soning for all verda si synd og hans oppstode til rettferdiggjering og evig liv med Jesus for alle som trur.

  • 6. søndag i påsketiden

    6 søndag i påsketiden – 05.05.2024 Matt 7,7-12 Photo by Franzi Meyer Be, så skal der…
  • Bli med oss i bønn!

    Fra og med 6 Mai til 14 Juni skal Jesusnett ha 40 dagers bønn og faste! Gjennom 20 år har …
  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
  • 6. søndag i påsketiden

    6 søndag i påsketiden – 05.05.2024 Matt 7,7-12 Photo by Franzi Meyer Be, så skal der…
  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

6. søndag i påsketiden

6 søndag i påsketiden – 05.05.2024 Matt 7,7-12 Photo by Franzi Meyer Be, så skal der…