Askeonsdag

6 min lest
0
0
1,060

Matteus 6, 1-6, 16-18Illustrasjon 18052004073739257

Ta dykk i vare så de ikkje gjer dei fromme gjerningane dykkar for auga på folk, for at dei skal leggja merke til det. Då får de inga løn hos Far dykkar i himmelen. Når du gjev ei gåve til dei fattige, så blås ikkje i basun for deg sjølv, slik som hyklarane gjer i synagogane og på gatene for at folk skal rosa dei. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. Men når du gjev ei slik gåve, så lat ikkje venstre handa di vita kva den høgre gjer. Gjev gåva di i løynd. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg. Når de bed, så gjer ikkje som hyklarane. Dei elskar å stå i synagogane og på gatehjørna og be, så folk kan sjå det. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. 

Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg.

 Når de fastar, skal de ikkje gå med dyster mine som hyklarane; dei gjer seg til så folk skal sjå at dei fastar. Sanneleg, eg seier dykk: Dei har alt fått si løn. 

Men når du fastar, skal du salva hovudet og vaska andletet, Så ingen ser at du fastar, utan Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, han skal løna deg.

 

I det femte kapittelet har Jesus gitt læresveinane motvekt mor korrupte meiningar og læresetningar frå dei skriftlærde og farisearane. I dette, det sjette kapittelet, åtvarar han mot hyklarskap og storaktigheit. Gåver til Guds rike og til hjelp for medmenneske, bøn og faste er tre viktige kristne oppgåver. Me skal ikkje berre unnlata å gjera det vonde. Me skal gjera det gode på best mogleg måte og halda fram med det for evig og alltid. Men når vi gjer det som er godt og rett, skal vi vakta oss for hyklarskap, den er som daude fluer i ei blautkake. Hyklaren gjer det gode, men ikkje i lydnad mot Gud eller for å hjelpa andre, men i stoltheit og storaktigheit, dermed er alt øydelagt, som blautkaka med daue fluer. Jesus seier:”Dei har alt fått si løn.” Vår kristne teneste er ikkje ei teneste for å få æra av menneske, men ei teneste i lydnad mot Gud.

 

Å strø aske på hovudet var i GT eit uttrykk for bot. At første dag i fasten er kalla askeonsdag seier oss at faste, bot og sorg over synd, høyrer saman. Å gjera bot er å sørja over mi synd, gjera opp med medmenneske og venda meg til Jesus i tillit og tru. Faste kan hjelpa oss til konsentrasjon i bøn. Vi treng å gå inn på rommet vårt og be til Far som er i det løynde, slik at at vi med glede tener Han som ser i det løynde.

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …