Hjem Søndagskommentar Å OPPDAGE EVANGELIET PÅ NYTT – Reformasjonsdagen 31.oktober

Å OPPDAGE EVANGELIET PÅ NYTT – Reformasjonsdagen 31.oktober

5 min lest
0
0
2,242

Joh 1,16-17

lutherrose800
Bilde fra https://mllccarmine.com/

Av hans fylde har vi alle fått,

nåde over nåde.
For loven ble gitt ved Moses,
nåden og sannheten kom ved Jesus Kristus. 

 

Denne dagen skal vi feire det som skjedde for fem hundre år sidan. På denne dagen i 1517 slo Martin Luther opp sine vel kjende nittifem teser på døra til Slottskyrkja i Wittenberg. Det var ikkje meint å vere noko anna enn protest mot avlatshandelen som den katolske kyrkja dreiv med for å få pengar mellom anna til å bygge Peterskyrkja i Rom. Avlat meinte han stod i motsetnad til evangeliet om frelsa i Jesus Kristus. Men det blei så mykje meir enn det Luther såg for seg. Dette var starten på reformasjonen som skulle  endre det kyrkjelege landskapet både i Europa og resten av verda.

 

Det som skjedde var at evangeliet på ein måte blei oppdaga på nytt. Utviklinga i kyrkja på Luther si tid hadde ført til at det hadde kome til så mange ordningar, læresetningar og kyrkjeleg praksis som skugga for den glade bodskapen om frelse av nåde for Jesu skuld. Dette førte Luther inn i ei personleg åndeleg krise. Den kom ut av ved å oppdage kva det tyder at vi blitt gjort rettferdig for Gud, ikkje ved våre gjerningar og personlege prestasjoner, men ved tru på Jesus åleine. Det som hjalp han var at han med eitt skjøna kva som står i Rom 1,16-17, om at «den rettferdige skal leva ved tru».

 

No er det ein annan tekst som er vald for feiringa av Reformasjonen i år. Og det med god grunn. Når Johannes skal skrive om kva det fører til at Jesus kom, set han dette inn i eit stort og viktig perspektiv. Lova vart gjeve ved Moses, skriv han. Gud openberra sin gode vilje med livet ved å gje oss lova, som difor i seg sjølv er god. Men for oss syndige menneske førte dette berre til at våre brot med Guds vilje kom for dagen og med det vår skuld i tilhøve til han. Korleis skal vi bli redda frå fylgjene av det?

 

Då kom Jesus! Med han kom nåden og sanninga, skriv Johannes. Med det kom «nåde over nåde», Det er nåde ut over alle grenser og med evig verknad. Med Jesus kom òg sanninga. Det er sanninga om at vi som syndige menneske treng Guds nåde og at vi kan få den ved tru på Jesus og han åleine. Difor blei «Jesus åleine» eit av slagorda reformatorane brukte.

 

Men er då lova Moses kom med, avskaffa? Nei, den gjeld framleis, for den fortel om kva Gud vil at livet vårt skal vere prega av. For den som lever i den nåde Jesus gjev, kjem ikke under lova sin dom, men får ved den hjelp til å leve ut det Gud vil skal prege vårt liv. Det er det grunn til å feire, både denne dagen og livet ut!

 

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Anfin Skaaheim
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …