Pinsedag

5 min lest
0
0
208

Joh. 14,23 – 29

Illustrasjon Gjenkomst 1322477413

Jesus svara: «Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og den som elskar meg, skal Far min elska, og vi skal koma og ta bustad hos han. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og ordet de høyrer, er ikkje frå meg, men frå Far, han som har sendt meg. Dette har eg sagt dykk medan eg enno er hos dykk. Men Talsmannen, Den heilage ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg har sagt dykk. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause! De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Far, for Far er større enn eg. No har eg sagt dykk dette før det hender, så de skal tru når det hender.

 

Tida vår er flyktig, vi tek imot mange inntrykk. Ikkje sjeldan overser vi og gløymer viktige ting. Slik er det og med oss som kristne, slik er det med kyrkja. Jesus seier: «Den Heilage Ande, som Far skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt som eg har sagt dykk» Jesus er vår talsmann hjå Faderen, men Heilaganden er talsmannen hjå oss, som peikar på Jesus og minner oss om alt Jesus har sagt.

 

I Jesu jordeliv begrensa Jesu nærvær seg til å gjelda bare ein stad om gongen. Når Jesus vandra her nede, var det alltid berre ein brøkdel av dei truande som kunne ha fysisk kontakt med han. Jesus og læresveinane kunne vera i jerusalem medan grupper av truande var i Galilea, jaffa eller Haifa. Jesus ynskjer at læresveinane skal gleda seg over at Han går til Faderen, slik at Den Treeinige Gud kan komma nærare sine truande og heile den verdsvide kyrkja. Gjennom Talsmannen, Heilaganden er Jesus nå hjå oss over alt og alltid. Han bur hjå oss og skal vera i oss.

 

Den Treeinige Gud handlar gjennom Heilaganden, dette kan ikkje forklarast logisk, men det kan erfarast ved at vi lever som kristne. Heilaganden opnar auge og øyre så vi ser og høyrer Guds Ord. Når Heilaganden får vist oss vår synd og vår Frelsar, leiar han oss til omvending og tru. Ved Heilaganden veks og mognast vi og gjer erfaringar i trua på Jesus Kristus.

 

Heilaganden formar Kristus i oss. Bare Heilaganden kan hindra det vonde i oss og gje det gode vekst og mogning. Gal. 5,16:»Lev eit liv i Anden! Då gjer de ikkje det som den syndige naturen trår etter.» Vår forståing av Heilaganden er ofte for individualistisk, truvedkjenninga seier: Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage.» Pinsedag er Heilaganden og kyrkja sin dag.

Pensjonist, prest og forfatter

  • Jesus Taler

    3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
  • https://hcfwomen.files.wordpress.com/2013/07/worship-2.jpg

    TID FOR BØNN

    Gi meg Jesus, bare Jesus…. Jeg nynner på en sang jeg egentlig ikke kan så godt… Kanskje sy…
  • jesus og Simeon i tempelet

    Kyndelsmesse – 2 februar

    Luk 2,22 – 40 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg op…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

3. søndag i treeningstiden

Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…