Hjem Søndagskommentar Skjærtorsdag – Det siste måltidet

Skjærtorsdag – Det siste måltidet

8 min lest
0
0
794

Matt 26,17 – 30
Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv.  Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»  Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?»  Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.»  Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.
Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»  Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.

 

Det siste måltidet

Skjærtorsdag – den siste kvelden saman. Namnet «Skjærtorsdag» kjem av det gamalnorske «Skir-torsdag», der ordet «skir» tyder «rein».

 

Meisteren er klår over at hans tid her på jorda snart er slutt. Før hadde han gjerne sagt: «Min time er enno ikkje komen». (Joh 2,4). No seier han: «Tida mi er nær;»(v18) som noko av helsinga til han som opnar huset sitt for feiringa av påskemåltidet. Så deler han dei siste timane av sitt jordliv med venene sine. Alt er kjent og kjært og trygt når dei feirar påske- måltidet saman på tradisjonell vis.

 

Så skjer det noko som skakar veneflokken, noko som sender sjokkbølger inn blant dei og skapar sorg og uhygge. «Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» (v21) Lynet slår ned mellom dei. Ein svikar i deira fylgje! Her har dei i to-tre år levd tett saman med denne mannen, opplevt utrulege ting og høyrt talar som ingen hadde opplevd maken til! Også er det ein av dei som vil svika han! Den eine etter den andre vender seg til Meisteren og stiller det dirrande spørsmålet i angst og spenning: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Judas kan ikkje skilja seg ut, og stiller same spørsmålet – og får svar: «Du har sagt det», svara Jesus. (v25)

 

Det skjer eit nytt stemningsskifte når «det siste måltidet» vert det nye, himmelske måltidet, den heilage nattverden, der Jesus gjev seg sjølv, sin kropp og sitt blod, for venene sine. Me anar i det som skjer her ein guddommeleg plan. Den siste kvelden før det voldsomme dramaet vert sett i gang, er vår Herre Jesus intens oppteken med å gje sine tvilande og veike vener hjelp i kampen for det evige livet. I dei siste timane før han vert gjeven over i syndarhender til å kross og grav, syner han at dei skal få liv ved hans død. Like før han skal bli forleten av sin Far og søkkja ned i avgrunnen av angst og gru, forkynner han at dei ein gong skal nyta den himmelske nattverd saman med han i riket til Far. (v29)

 

Også har Guds folk over heile verda feira dette heilage nådemåtidet i over 2000 år. Nattverden gjer evangeliet synleg for oss! Ved dette sakramentet gjer Gud sin usynlege nåde synleg i brødet og vinen. Og me skal få vita og tru at me, når me tek i mot nattverden, så tek me i mot vår Jesus med all hans nåde til evig liv og frelse.

 

«Gud vere takk for si useielege gåve!» 2 Kor 9,15

 

photo source: http://www.freepik.com/index.php?goto=41&idd=342406&url=aHR0cDovL3d3dy5zeGMuaHUvcGhvdG8vOTQxNjc1

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…