Hjem Søndagskommentar SAMEFOLKETS DAG – 6.februar

SAMEFOLKETS DAG – 6.februar

7 min lest
0
0
308

Matt 22, 34 – 40

Illustrasjon Samefolkets dag 1328001263

Då farisearane fekk høyra at Jesus hadde fått saddukearane til å teia, kom dei saman. Og ein av dei, ein lovkunnig, ville setja han på prøve og spurde: «Meister, kva bod er det største i lova?» Han svara: «‘ Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.’  Dette er det største og første bodet. Men det andre er like stort: ‘ Du skal elska nesten din som deg sjølv.’  På desse to boda kviler heile lova og profetane.»

 

Samefolkets dag er nasjonaldag for samane i Noreg, Finland, Sverige og Russland, vedteken på Samekonferansen i 1992. Den vart feira fyrste gong i 1993. I 2003 vart 6.februar offisiell flaggdag i Noreg. Bakgrunnen for datoen,  6.februar, er at det fyrste samiske landsmøtet vart arrangert den 6.februar 1917. Elsa Laula Renberg (f.1877 d.1931) stod bak både idèen om og realiseringa av møtet som samla over 100 deltakarar, av dei ein stor del kvinner.

(Kjelde: Wikipedia)

 

Teksta me har framfor oss er den tredje av fire stridssamtaler. Tre av stridssamtalane går mellom farisearane og Jesus. Før teksta vår er det fortalt om nokre saddukearar som stilte Jesus eit spørsmål om oppstoda frå dei døde. Denne gruppa av skriftlærde høyrde til dei adelege og partiet til dei leiande prestane. Saddukearane trudde ikkje på læra om oppstoda av dei døde. No skal dei prøva å setja Jesus fast i eit viktig lærespørsmål. Slik gjekk det ikkje. Som så ofte elles, fekk Jesus motstandarane til å teia.

 

Dette høyrde farisearane, og dei likte nok at saddukearane hadde vorte sette på plass. No skulle dei sjølve setja Jesus på prøve: «Meister, kva bod er det største i lova?», spør ein av dei lovkunnige. Dette spørsmålet var ikkje framandt i jødedomen. Det var snakk om små og store bod og om lette og tunge bod. Dei hadde heile 613 bod å forhalda seg til i lova. Fekk dei no Jesus til å setja fram eitt bod som det viktigaste, kunn dei klaga han for manglande respekt for heile lova. Ville han svara at alle boda var like viktige, ville det ramma hans eiga lære. Så svarar Jesus med å sitera ein setning frå den jødiske trusvedkjenninga: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit.»  Dette bodet skulle siterast to gonger kvar dag for å minne oss på kor totalt avhengige me er av den èine Gud.

Å elska Herren av heile vårt hjarte, heile vår sjel og alt vårt vit, er eit uttrykk for å elska Gud med heile vår personlegdom. Denne kjærleiken vert skapt i oss på guddommeleg vis når vi let oss bade i hans kjærleik til oss: «Vi elskar fordi han elska oss først.» (1 Joh 4,19)

 

Jesus nemner èitt bod til og seier om det at det er like stort: «Du skal elska nesten din som deg sjølv.»  Dette bodet er henta frå 3 Mos 19,18 og i Matt 19,19 vart det nemnt saman med dei ti bod som eit samanfattande uttrykk for Guds vilje. Den store lovlærar Rabbi Aqiva (død ca 135 e.Kr) skal ha sagt at dette bodet «er et stort grunnprisipp i Loven».

For jødar var det sjølvsagt at ordet «neste» var lik landsmann eller israelitt. Jesus syner bl.a. i Matt 5, 43 – 48 at bodet om nestekjærleik gjeld òg utlendingar, ja, til og med fiendar. Vår kjærleik til kvarandre skal ha same uavgrensa og vilkårslause karakter som Guds kjærleik til oss menneske.

 

Lat oss be: Herre Gud, lat din grenselause kjærleik til oss skapa den same kjærleiken i oss til deg og til vår neste. Amen.

 

  • img_0566

    Domssøndag/Kristi kongedag

    Matteus 25,31-46 Men når Menneskesønnen kommer i sin herlighet, og alle englene med ham, d…
  • vann1

    24. Søndag i treenighetstiden

    Matteus 18,1-6 og 10-14 Nettopp da kom disiplene og spurte Jesus: «Hvem er den største i h…
  • loppebord

    Bruktmarked/Loppemarked

    Bruktmarked/Loppemarked Velkommen til Bruktmarked/Loppemarked i andre etasje, Bussedalen 1…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

Domssøndag/Kristi kongedag

Matteus 25,31-46 Men når Menneskesønnen kommer i sin herlighet, og alle englene med ham, d…