Julenatt.

13 min lest
0
0
412

Matt. 1,18 – 25 (Lesetekster:  Mika 5,1 – 4a og  1. Joh. 1,1 – 4.)Engel og Josef

 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande.  Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille.  Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande.  Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»  Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:

Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss.

Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si  og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

 

Matteus og Lukas fortel begge at Jesus vart fødd, men dei gjer det på svært ulikt vis. Lukas skildrar korleis Maria og Josef reiste frå Nasaret i Galilea, inn i Judea til Davids by Betlehem. Han let oss få vita at grunnen til denne strevsame reisa for Maria var ei folketelling som gjekk føre seg i heile det romerske imperiet. Den same folketellinga var grunnen til at det ikkje var husrom for dei anna enn i ein stall, og Jesus vart sveipt og lagd i ei krybbe. Lukas ser den heilage hendinga frå Maria sin synsstad, medan Matteus let oss stå ved sida av Josef.

 

I Evangeliet etter Lukas kjem Engelen Gabriel til Maria for å gjera kjent at ho skal verta med barn og at ho skal gje Han namnet Jesus. I Evangeliet etter Matteus les me at Herrens Engel nokre månader seinare talar til Josef i draume

og seier: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande.»

 

Gjeve dei svært få kontaktpunkta der finns mellom Matteus og Lukas i desse versa, må vi konkludera med at dei byggjer på ulike val av tradisjonsmateriale og at dei nettopp difor samla sett gir eit meir komplett bilete, og for eit bilete! Det finns sjølvsagt ingenting uforeinleg, ei heller usannsynleg ved at Herrens Engel kjem med bodskap til både Maria og Josef. Dei to forfattarane har individuelle teologiske interesser. At bodskapen frå Gud ved Herrens Engel var naudsynt til å forklara og setja ting på rett plass for det unge Heilage Paret, så vel som for deg og meg, ja det er meir enn forståeleg. Vi kan la blikket falla på Maria og Josef medan dei begge vert opplyste av bodskapen frå Gud ved Herrens Engel og vi trur på jomfrufødselen, kva slag teologisk diskusjon vi enn skulle ha vore delaktige i.

 

Vi treng kunnskap om ekteskap i samtidig jødedom for å lesa dei bibelske tekstane med innsikt på dette punktet. Forloving var ei før-ekteskapeleg kontrakt som partane gjekk inn i framfor formelle vitne. Kontrakta gav guten formelle rettar over jenta. Denne før-ekteskapelege kontrakta kunne berre avbrytast ved formell skilsmisse. Partnarane skulle vera strengt avhaldande frå seksuell omgang og jenta budde framleis hjå sine foreldre. Forloving og bryllaup bygde begge på kontraktar som paret gjekk formelt gjennom under overoppsyn av foreldra som i praksis tok avgjerda for dei unge. Likevel vart terminologien «mann og kone» brukt i forlovingstida. Forloving vart vanlegvis inngått når jenta var mellom tolv og tretten år gamal. Sjølve ekteskapet vart inngått etter omlag eit år forloving. Om ein av partane døydde under forlovingstida, ville den andre parten verta kalla enke eller enkemann.

 

På denne bakgrunnen rører det meg sterkt å lesa om Maria sin reaksjon på det Herrens Engel sa i Lukas 1,38: «Då sa Maria:»Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.»

 

Men eg finn det like sterkt å lesa om Josef sin reaksjon på bodskapen frå Herrens Engel då han vakna av draumen månader seinare inn i Maria sitt svangerskap, Matteus 1,24: «Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens Engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si og levde ikkje saman med kona si før ho hadde fødd sonen sin. Og han gav han namnet Jesus.» Det må ha vore underleg for Josef å gå til Maria sin foreldreheim og be om å få henne heim til seg. Me høyrer ikkje noko konkret om bryllaupsfesten. Men ein enkel sermoni etter jødisk skikk har det vore, der foreldra til brureparet med familiar har teke del i vigsle og fest.

 

Slik valde Gud å openberra at Han er Immanuel, Gud med oss. Gud kom sjølv til oss. Hendingane for det Heilage Paret kjem med dramatisk reise til Betlehem, to tenåringar på eiga hand på reise til Betlehem for å verta innskrivne i manntalet. Maria føder barnet i ein stall, Josef sveiper barnet og legg det i ei krybbe, deretter vert det besøk av gjetarar og vismenn, flukt til Egypt for å unngå Herodes sitt massemord av born i Betlehem; ein flyktningefamilie som etter år på flukt kan venda attende til Nasaret.

 

Vi har sett Maria i kristen kunst, gjerne i blå kjole, rein og nystroken, stelt på håret som om ho hadde vore hjå frisøren. Josef står der med sin kjortel og stelt skjegg. Golvet i stallen er reint, feia for støv og smuss. Var det slik det var?  Både ja og nei.

 

Maria har site på eselryggen frå Nasaret til Betlehem, ei veke på reise, den siste vegen frå Jeriko er det ulendt og siste strekninga kan det vera snø og kaldt. Maria har fødd Jesusbarnet i strå og halm. Josef har gått frå Nasareth til Betlehem og så frå hus til hus i Betlehem for å finna nattely.Gjetarane har overnatta ute hutrande i nattekulde ved eit leirbål for å passa på sauene for ville dyr. Dei vise mennene slitne etter å ha kome lange vegar på reise for å finna kongebarnet.

 

Kvifor teiknar vi eller lagar vi julekrybba så vakker?

Fordi vi prøver å få fram at Gud er i den stallen.

Fordi vi trur at Jesusbarnet i krybba er Guds einborne Son.

Glorien rundt barnet sitt hovud fortel nettopp det!

Han som skapte Verda, vart eit lite barn, fødd inn i den Verd han har skapt!

 

Gud er nær deg. Han er aldri langt borte frå oss. Gud sat ikkje og venta på at vi skulle bli fine nok, gode nok, at vi i oss sjølv skulle verta heilage. Nei, Han er vår Frelsar, Han er Gud med oss, Immanuel. Livet er ikkje tilfeldig. Gud har gode tankar og planar for oss, det viste han ved å senda Jesus.

 

Pensjonist, prest og forfatter

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

20. Søndag i teenighetstiden

  Joh 11,1-5 En mann som het Lasarus, var blitt syk. Han var fra Betania, landsbyen d…