Hjem Søndagskommentar Juledag 2014

Juledag 2014

15 min lest
0
0
808

Joh. 1, 1 – 14 (Lesetekstar: Ordspr. 8, 1 – 2. 22 – 31 og Hebr. 1, 1 – 6)Jesus-2

I opphavet var Ordet, Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. 

Han var i opphavet hos Gud. 

Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til. 

Det som vart til i han, var liv, og livet var lyset for menneska.

Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. 
        

Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes.  Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.  Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset. 

Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 

Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje.

Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.

Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. 

Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 

Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 

 

Julafta peikar på barnet og seier: Han har gått inn i fattige menneskekår!

Juledag seier: Han er Ordet – Han er Guds tale til menneskeslekta, visdommen. (Ordspr. 8)

Gud finns og Han let seg finna – Han gir seg til kjenne gjennom Ordet – evangeliet.

I Hebrearbrevsteksta las me: “I fordums tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. Men no, i desse siste dagane har han tala til oss gjennom Sonen”.

I fordums tid tala Gud: Gud greip inn og gav sin vilje til kjenne på Sinai. Dei 10 boda er grunnvollen under jødisk og kristen etikk. Veka med 7 dagar og av dei ein kviledag er framleis pulsslag i livet til størsteparten av menneska. Når Gud gir seg til kjenne slik som på Sinai vert tida ny og kan ikkje venda attende til det som var før. Det same er perspektivet over Jesu liv, difor reknar vi tida vår i antal år etter Kristi fødsel. Tida går ikkje i sirkel, men peikar framover i tidslina mot Guds mål for tida. Difor vil framgang, ikkje repetisjon vera livslov. Vi er ikkje lenger offer for historiens og naturens rundgang.

 

Vi har i teksta vår ei kjensle av å verta borne av ørnevenger slik at vi får sjå vidt og langt, ja vi opplever eit mektig tidsperspektiv. Vi har ikkje slag av englevengjer i preiketeksta på juledag. Men vi anar historie og kjenner eit mektig sus av evighet: ”I opphavet var Ordet. Ordet var hos Gud og Ordet var Gud.” Jesus er Ordet frå opphavet, Guds tale til menneskeslekta: ”Gud har tala, det er det store og herlege. Baal- og Astarteprofetane ropte, men avgudane var tause. Moderne menneske, ikkje minst dei som høglydt avset Gud, kjenner seg einsame. Når den første ungdommen er over og sjukdom eller naud kallar på deira dør, fryktar dei død og anonymitet.

 

Evangeliet ber bod om at Gud har kome inn i vår einsemd og vårt mørke ved sitt evige Ord.

Berre ord seier du, eg er trøytt av ord. Likevel, vi kan ikkje seia det kraftig nok: Nåden og sanninga kjem til oss i ein bodskap som vert forkynt. Først når vi finn staden der vi kan høyra denne bodskapen, er vi på rette sporet. Guds evige Ord tok kjøt og blod på seg.

 

Høyr den glade bodskapen: ”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss”. Til skilnad frå tome menneskeord: Dette Ordet har skaparkrafta i seg. Det same Ordet høyrdest då jorda var aud og tom. Då alt var kaos høyrdest Guds Ord:”Bli lys” og kaos vart forandra til orden, til kosmos. Dette skaparordet vart kjøt midt i kaos då Jesus vart fødd. Han kom til ei verd i lengsel, i uro og mørke. Når tida var komen står Ordet, skaparkrafta der, midt i vårt kaos. Det er dette Ordet som har skaparkraft nå.

 

Ein japansk soldat som under krigshandlingane i 1945 hadde kome bort frå eigne styrkar, og hadde drive ein forunderleg krig for å overleva på eiga hand i jungelen i Indonesia i 30 år:

 

”Han var på feil stad då bodskapen om at krigen var slutt, vart gjort kjend. Først når hans tidlegare kompanisjef kom til jungelen i Indonesia og dimitterte denne gamle japanske krigaren i loslitt uniform, var han viljug å leggja ned våpen og bli med attende til Japan. Han kom til eit folkerikt og strålande Tokyo, og alle nyheitsmedier kjempa om å få ein flik av soga hans, ikkje rart han var overvelda. Avdi han ikkje var på rett stad til å høyra og få informasjon om det som skjedde i verda og i Japan, hadde han levd eit underleg liv på eit eksistensminimum i jungelen alle desse åra, og livet hadde på ein måte glidd ut mellom fingrane på han.”

 

Midt i vår informasjonsflaum finns ein bodskap som lett kan gå hus forbi. Det er ikkje tale om neonlysande Ginza i Tokyo, men noko mykje større. Vi kan sjå ”Jesu herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.” Jesus har vunne krigen, sigeren er vunnen ved Jesu død og oppstode. Krigen er over! Slepp Ordet til, det kjem med ny livskraft. Då slepp vi å leita oss fram for å overleva i mørkret i livsjungelen. Då får vi gripa i tru nåden som reiser opp og sanninga som gir oss meining og mål for livet. Jesus har vunne! Krigen er over!

 

Stans ved krybba, då finn du krossen: ”Han som ikkje visste av synd har Gud gjort til synd for oss, så vi i han skal verta rettferdige for Gud”. Sjå at krybba si gåte vert løyst ved at Jesus står opp av grava. Ordet vert ikkje verande i døden, på krossen, eller i grava. Jesus, Ordet er livgjevande og livsopphaldande livskraft, hjelp til å leva og lys over død og grav, evig liv.”

 

Berre ta imot Han og kom! Så enkelt er det. Så frigjerande og livgjevande er evangeliet om Jesus Kristus. Tida går mot det mål Gud har sett og som Guds medarbeidarar og hushaldarar over det Gud har skapt har vi alle medansvar i Guds hushald. Det er denne judeo-kristne oppfatninga av tida som er grunnlaget for den lineære historieforståinga, som igjen er rådande i moderne historisk tenking, historia som ei linje, ikkje sirkel som alltid fører ein attende til utgangspunktet. Mennesket er skapt til å leva i samfunn med Gud, i samfunn med medmenneske i oppgåver Gud har lagt ferdige for oss. I dette ligg det ein moralsk/etisk impuls som ikkje kan erstattast av sekulær og ateistisk tankegang. Trua på Gud gir livshjelp og vona om evig liv skapar framtidstru fordi vi går mot Guds mål for tida: Han skal gjera alle ting nye.

 

Stans ved krybba! Ser du nøye i krybba, finn du krossen! Han vart gjord til synd for oss! Stå stille og sjå at krybba si gåte vert løyst i og med Jesu oppstode frå dei døde. Ordet vart ikkje verande i krybba, på krossen eller i grava. Ordet er liv. Ordet om Jesus, dåpen og nattverden er frelse, livshjelp og evig liv. Ta til deg, det er for deg og alle menneske. Gud har uendeleg mange måtar til å nå deg, under medgang og motgang, og aller mest brukar han Ordet om Jesus, dåpen og nattverden.

 

Kom til krybba, der møtest du og Gud. Der strekkjer Gud fram sine armar mot deg: Alle som tok imot Han – dei ga Han rett til å verta Guds born.

 

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…