Jeg er livets brød

<<Tilbake..>>

 

Eg er livsens brød!Jesus gjør under «Eg er livsens brød», seier Jesus. Alt liv treng næring. Alle treng me brød og mat for å leva. «Gjev oss i dag vårt daglege brød», lærde Meisteren venene sine å be. Brød er livsviktig.

 

(Joh. 6,35-48)

I starten på det kapitlet teksta vår er henta frå, les me om korleis Jesus med ei maktfull gjerning syner at han tek på alvor menneskene sine livsbehov. Han gjer det store underet å metta tusenvis av mennesker av små matsmular. Dette er bakgrunnen for samtalen der Jesus vitnar om seg sjølv som livsens brød, brødet frå himmelen som gjev verda liv. Like lite som mennesket kan leva fysisk utan brød, like lite kan nokon leva evig utan Jesus, livsens brød. Det finst ikkje nokon frelse eller noko evig liv utanom Jesus Kristus. «Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg», seier Jesus. (Joh. 14;6)

No er det ikkje så enkelt for den stolte mennesketanken utan vidare å godta at Jesus er den einaste redninga. Jødane i teksta vår protesterte på talen hans. Dei kjende jo både han og foreldra hans! Korleis kunne han venta at dei skulle tru at han var komen ned frå himmelen? Jesus kjem ikkje med nokon logisk forklaring på det dei opplever som eit problem. Det ville i alle fall vera nyttelaust. Det var viljen, ikkje intellektet deira som var grunnen til vantrua. «Det er ikke deres forstand som er grunnen til vantro, men deres vantro som søker unnskyldning i deres forstand.» (Olaf Moe.) Det hender i dag og at folk gøymer seg bak teoriar og sjølvkonstruerte tankemønster for å sleppa å tru. Kan desse få hjelp til å koma laus frå slike tankar, kan dei etterkvart opna seg for eit nytt syn på Jesus og heile kristendomen. Og så kan Gud få koma til med si dragande og skapande kraft og tenna ei levande Kristus-tru der det før var vantru.

Å koma er å tru
«Eg er livsens brød», seier Jesus. (v.35) Skal vanleg brød ha nokon virkning, så må det få sleppa til med sin livsfornyande funksjon i kroppen. På same vis kan Jesus, livsens brød, verta til evig liv og frelse til oss menneske som er totalt hjelpelause. Frelsa for oss er å tru på Jesus som livsens brød og verda sin frelsar. Men så er det dette med trua då. Det er ikkje så enkelt for mange av oss. Sjølv må eg erkjenna at det snaut er noko eg har streva meir med i kristenlivet mitt enn det å tru. Noko av det som har vore til hjelp for meg, er det Jesus seier i vers 35 og 37 i teksta vår. «Den som kjem til meg………, og den som trur på meg…..» Her samanliknar han det å koma til han med det å tru på han. Kjem eg til Jesus, så er det eit teikn på at eg trur på han. Og då seier Jesus det slik: «Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort». (v.37) Når det har røynt skikkeleg på for meg i kampen med å tru, når tvilen har teke strupetak på livet og sendt ilingar av uro og redsel inn i sinnet mitt, når eg har vore usikker på om eg nokon gong har vore ein sann kristen, då har eg teke dette ordet med meg til Jesus og sagt som så: «Kjære Jesus, du seier i ditt ord at du ikkje skal visa bort den som kjem til deg. No kjem eg til deg på ditt ord. Takk for at eg skal få tru at du ikkje vil visa meg bort.»

Å tru er altså å koma til Jesus! Når det så står «..den som kjem..», så tyder det etter grunnteksta «den som held fram med å koma» eller «..den som stadig kjem..». Dermed er dette ordet både for dei som kjem fyrste gongen og for dei som stadig må gå til Jesus. Enten me går til han i bøna og får ta imot av livsens brød til liv og frelse, eller me møter han i nattverdens heilage sakrament og tek imot Jesus som brød og vin.

«Eg er livsens brød», seier Jesus. (v.35) «… den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.» (v.40) Å gå til Jesus, det er å leva med han og dagleg næra seg av livsens brød. Det gjev frelse og evig liv, og me lever eit Kristus-liv midt i kvardagen. Det gjev vidare ei fast og trygg von om å leva tvers igjennom døden når den dagen kjem og stå opp til evig, fullkomen sæle saman med han som har vunne over døden og er Herre over alle ting.

Gud hjelp oss til aldri å slutta med å gå til han som er livsens brød og verdsens frelsar.

Leif Kaslegard