Hjem Søndagskommentar Langfredag 2017

Langfredag 2017

23 min lest
0
0
1,367

kors-vann1Luk 22,39 – 23,46

I Getsemane
 Så gjekk han ut og tok vegen til Oljeberget som han hadde for vane, og læresveinane følgde han.  Då han kom dit, sa han til dei: «Be at de ikkje må koma i freisting!»  Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad:  «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»  *Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.  Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.•  Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg.  «Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»

Jesus blir teken til fange
 Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han.  Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?»  Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?»  Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret.  Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.
     Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.  Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som har makta.»

Peter fornektar Jesus
Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak.  Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der.  Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.» Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!» Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter.  Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»  Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.  Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»  Og han gjekk ut og gret sårt.
Jesus for Det høge rådet
 Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.  Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»  Og dei hånte han på mange andre måtar òg.
     Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet,  og dei sa: «Er du Messias, så sei oss det.» Han svara: «Om eg seier det til dykk, trur de meg ikkje,  og om eg spør, svarar de ikkje.  Men heretter skal Menneskesonen sitja ved den mektige Guds høgre hand.» Då spurde dei alle: «Så er du altså Guds Son?» Han svara: «De seier sjølve at eg er det.»  Då sa dei: «Kva skal vi no med vitneutsegner? Vi har sjølve høyrt det av hans eigen munn.


 Då reiste dei seg alle og førte han til Pilatus.   Der tok dei til å koma med skuldingar mot han. Dei sa: «Vi har funne at denne mannen fører folket vårt på avvegar. Han forbyd oss å gje keisaren skatt, og han seier at han er Messias, altså konge.»   Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.   Då sa Pilatus til overprestane og folket: «Eg finn inga skuld hos denne mannen.»   Men dei tok sterkare i: «Han eggjar opp folket i heile Judea med læra si. Han tok til i Galilea, og no er han komen heilt hit.»

     Då Pilatus høyrde det, spurde han om mannen var frå Galilea,   og då han fekk vita at han var under domsmakta til Herodes, sende han Jesus over dit, for Herodes òg var i Jerusalem i dei dagane.

Jesus for Herodes
  Herodes vart svært glad då han fekk sjå Jesus, for han hadde høyrt om han og lenge ønskt å få møta han. No vona han å få sjå Jesus gjera eit teikn.   Han stilte han mange spørsmål, men Jesus svara ikkje eit ord.  Overprestane og dei skriftlærde stod der og kom med sterke skuldingar mot han.  Herodes vanæra han og spotta han saman med soldatane sine. Han la ei staseleg kappe om han og sende han tilbake til Pilatus.  Den dagen vart Herodes og Pilatus vener; før hadde det vore fiendskap mellom dei.
Pilatus feller dommen
 Så kalla Pilatus saman overprestane, rådsherrane og folket  og sa til dei: «De har ført denne mannen fram for meg og sagt at han fører folket på avvegar. No har eg spurt han ut medan de høyrde på, men eg har ikkje funne han skuldig i noko av det de klagar han for.  Det har ikkje Herodes heller, for han har sendt han tilbake til oss. Mannen har såleis ikkje gjort noko som fortener dødsstraff.  Difor vil eg la han bli piska og så setja han fri.»  *Men til høgtida måtte han gje dei ein fange fri.•  Då ropa dei alle som ein: «Bort med han! Gjev oss Barabbas fri!»  – Barabbas var ein mann som sat fengsla for opprør i byen og for mord.
     Igjen tala Pilatus til dei, for han ville gjerne gje Jesus fri.  Men dei ropa imot han: «Krossfest han! Krossfest!»  Då tok han ordet tredje gongen: «Kva vondt har han så gjort? Eg har ikkje funne han skuldig i noko som kan straffast med døden. Eg vil la han bli piska og så setja han fri.»  Men dei pressa han og kravde med høge skrik at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.
     Då felte Pilatus dommen; det skulle bli som dei kravde.  Han frigav den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men han overgav Jesus til dei, og dei fekk viljen sin.

Jesus blir krossfest
 Så førte dei han bort. På vegen greip dei fatt i ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne. Og dei la krossen på Simon for at han skulle gå bak Jesus og bera.
     Ein stor folkehop følgde med, og mellom dei var det mange kvinner som jamra og gret over han. Men Jesus snudde seg til dei og sa: «Jerusalems døtrer! Gråt ikkje over meg, men gråt over dykk sjølve og borna dykkar.  For det kjem dagar då folk skal seia: ‘Lukkelege er dei barnlause, dei morsliv som ikkje har fødd, og dei bryst som ikkje har gjeve die!’ Då skal dei seia til fjella: ‘Fall over oss!’ Og til haugane: ‘Løyn oss!’  For gjer dei slik med det grøne treet, korleis skal det då gå med det tørre?»
    To andre forbrytarar vart òg førte bort og skulle avrettast saman med Jesus.  Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.  *Men Jesus sa: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.»• Så kasta dei lodd om kleda hans og delte dei mellom seg.  Folket stod og såg på, men rådsherrane spotta han: «Andre har han frelst», sa dei, «lat han no frelsa seg sjølv dersom han er Guds Messias, den utvalde!»  Soldatane òg hånte han. Dei gav han vineddik  og sa: «Er du kongen over jødane, så frels deg sjølv!»  For det var sett ei innskrift over han: «Dette er kongen over jødane.»
     Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!»  Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen?  For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

Jesus døyr
Det var alt kring den sjette timen. Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen,  for sola lyste ikkje lenger. Forhenget i tempelet rivna midt i to, og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Med desse orda anda han ut.

 

DET VELDIGE DRAMAET

Langfredagsforteljinga –  skildringa av den voldsomme kampen mellom avgrunnsmakt og himmelkraft, det endelege oppgjeret mellom Gud og Satan slik Paulus seier det i Kolossarbrevet: «Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og skam då han synte seg som sigerherre over dei på krossen!» (Kol 2,15)

Jesu bøn

I denne kommentaren tek me fram små glimt frå denne lange og omfattande teksta. Fyrst frå Getsemane.   v41:«Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, fall på kne og bad: 42 «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»  Jesus visste kva han skulle gå igjennom av angst og gru. Han var så heilt menneske at han gjennomlevde den skakande redselen som jaga gjennom kropp og sjel. Ja,  «han kom i dødsangst», står det, «og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.» Når Jesus bed for seg sjølv, så legg han seg vilkårslaust inn under Guds vilje:        « – lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»

Saman med to brotsmenn vart Jesus overgjeven til krossfesting. Dei vart krossfest på kvar si side av Jesus. Dermed vart profetordet frå Jesaia oppfylt, at « – (han) vart rekna blant brotsmenn.» (Jes 53,12) 

Krossfestinga var ein romersk avrettingsmåte som var kome frå Austen. Dødsmåten var svært smertefull. Dei dømde kunne hengje i opptil to døgn før dei døydde. Soldatane, rådsherrane, ja, til og med dei krossfesta forbrytarane spotta Jesus. Sjølv bad han, – ikkje for seg sjølv. Han bad for bødlane sine: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer!»

 

Den tause Gud

Midt på dagen – i den sjette timen – skjedde det eit naturfenomen: Det vart mørkt over heile landet i tre timar. No hadde Gud drege seg attende og overgjeve Son sin til seg sjølv og til hans fiendar. Guds sol, hans lys, er sløkt. No held  Gud dom over all verdsens synd. Og fordi Sonen må bera denne synda, må han også ta straffast for synda. Her har Matteus eit sitat av Jesus som ingen andre har: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlete meg?» Like ovanfor ser me at Jesus brukar Fars-nemninga når han bed: «Far, tilgjev dei – -». I denne mørke timen er Gud taus, kontakten mellom Far og Son er broten og Jesus er åleine i kampen, i lidinga, i døden under Guds vreide over verdsens synd.

 

Men i tempelet skjedde det eit merkeleg  under: Forhenget mellom Det Heilage og det Høgheilage romet rivna i to, frå øverst til nederst! Gud har fått soningsofferet for menneske si synd! Fresesverket er fullført og heilt, og Gud er fornøgd med det Sonen har gjort. Kontakten mellom Far og Son er oppretta, sola er kome att, Himlen er for Jesu skuld open for fortapte syndarar – og Guds sol lyser over menneske!

Også ropar Jesus med høg røyst frå krossen: «Far, i dine hender gje eg mi ånd!» (23,46)

 

Ha ei rik og sterk påske saman med vår krossfesta og oppstadne Frelsar!

 

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …