Hjem Søndagskommentar Helgemessesøndag

Helgemessesøndag

6 min lest
0
0
2,238

PDF

Luk 6,20 – 23strand barn2

Sæle og usæle
Då såg han opp, feste auga på læresveinane sine og sa:

«Sæle de fattige!

Guds rike er dykkar. Sæle de som no svelt! De skal mettast. Sæle de som no græt! De skal le. Sæle er de når folk for Menneskesonen skuld hatar dykk, støyter dykk ut og spottar dykk og kastar namnet dykkar frå seg som noko vondt! Gled dykk på den dagen og hoppa av fryd, stor er løna dykkar i himmelen. Det same gjorde fedrane deira med profetane.

I Store norske Leksikon les me at Helgemesse eller Allehelgensdag er ein minnefest for «alle helgener og martyrer».  Denne dagen har vorte feira i den katolske kyrkja 1. november sidan på 800 – talet.  I Den norske Kyrkje er Helgemesse lagt til første søndag i november.

 

Bibelteksta for Helgemesse i år har som overskrift «Sæle og usæle».  Kva er det så å vera sæl eller salig? Det har vore sagt at å vera sæl er ein tilstand som svarar til den høgste form for lukke! Sterke ord! Og likevel: Dei er for veike til å dekkja innhaldet i det å vera sæl. Lukke har med kjensler å gjera. Men ein kan vera sæl om ein er djupt ulukkeleg!  Saken er nemleg den at grunnen til sæla ligg i Himmelen, medan grunnen til lukka er jordisk. Me ser i teksta vår at det er dei fattige, dei svoltne, dei som græt, dei som vert hata, utstøytte og spotta som vert erklærte sæle!  Og dei er ikkje sæle på grunn av sin fattigdom eller sin ulukkelege livstilstand. Dei er sæle på grunn av at Guds rike er deira!(v 20)  Eller på grunn av den store løna som ventar i himmelen! (v 23) Dei vert hata «for Menneskesonen skuld»! (v22) Det må vel tyda at dei held lag med denne Menneskesonen, dei delte hans kår, dei var i hans fylgje, høyrde hans ord og trudde på han!

Det var læresveinane Jesus tala til her: «Då såg han opp, feste auga på læresveinane og sa: «Sæle de fattige – – -»! Han tala til sine eigne. Dei som hadde gått ifrå alt sitt for å leva for Han, deira store Meister! Difor var dei sæle! Og difor er dei sæle som lever kvardagslivet med sin Jesus her i verda og går med han over i den evige, himmelske verda når livet tek slutt her.

 

I vår kyrkje har me ingen særskildt helgenlære eller helgendyrking. Når me feirar helgemesse så minnast me dei som levde sitt jordliv som frelste syndarar for Jesu skuld og har gått i førevegen for oss og no er heime hjå Gud. Me skal la oss inspirera av gode minne frå deira liv og teneste og fylgja deira eksempel med å kjempa den gode striden i trua, som me les i Hebr 13,7: «Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på livet deira og utgangen det fekk, og ta deira tru til føredøme!»

 

Også er det trøystefullt og godt å kunne få tru at det ventar ein tilstand i fullkomen og evig sæle hjå Gud for alle som levde som hans born her på jorda!

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Skjærtorsdag – DET EVIGE MÅLTIDET

Skjærtorsdag – 28.03.2024 Luk 22,14-23 Da tiden var inne, tok Jesus plass ved bordet…