Hjem Søndagskommentar Reformasjonsdagen

Reformasjonsdagen

6 min lest
0
0
147

PDF

rose rød5Joh 1,16 – 17

 Av hans overflod har vi alle fått, nåde over nåde.

For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

 

31.oktober har frå midten av 1500 – talet vorte feira som Reformasjonsdagen i alle kyrkjer der reformasjonen fekk sitt gjennombrot. Det var denne dagen i 1517 Martin Luther hengde opp dei 95 tesene på døra til slottskyrkja i Wittenberg mot romerkyrkja sin avlatshandel m.m. Han hadde lenge gått å grubla over Guds rettferd og var oppteken med spørsmålet om korleis han skulle finna ein nådig Gud. Ein dag Luther sat med desse tankane medan han las i romerbrevet, kom svaret til han i det han las: Det er ingenting mennesket kan gjera for å væra god nok for Gud, men Gud sjølv ynskjer eit forhold til menneska! Dette er ei gåve Gud gir til menneska ved sin nåde!

 

Me skal få gleda oss over det som skjedde for fem hundre år sidan: Evangeliet vart oppdaga på nytt og verkar framleis til frelse for fortapte menneske ved Guds nåde for Jesu skuld!  Luther tok til orde for at den enkelte truande var fri i forhold til det kyrkjelege hierarkiet og den kyrkjelege tradisjonen, ved å tala om frelse ved Guds nåde åleine og ved å setja Bibelen som einaste autoritet. Evangelisk-Luthersk teologi seier «trua åleine  –  Kristus åleine  –  nåden åleine!«

 

Illustrasjon korsSå er det veldig riktig at den korte teksta for denne dagen handlar om nåde! Eller – ikkje berre om nåde, men om overflod av nåde, «nåde over nåde» som det står. Her er det nåde for alle forhold, nåde i staden for nåde, nåde oppå nåde! Nåden dekkjer over alle brest og lyte, når dei vert erkjent og sanna som synd for Herren. Alle feil og manglar, alle brot mot Gud og synder mot medmenneske vert dekka av nåden i Kristus. Alt hovmod og stivsinn, egoisme og trang til eigen ære, «alt det vonde eg har gjort og alt det gode eg har forsømt» vert tilgitt for Jesu skuld når me kjem til Gud med det.  Guds nåde når over alle kloder og himlar og under alle avgrunns mørkaste djup: «Guds kjærlighet er langt, langt større enn penn og tunge tolke kan. Den når høyt over himlens stjerner og ned til dødens mørke land.»

 

Det er nåden i Kristus som er redninga i liv og død. Den uslaste stymper av ein syndar, den som ser seg sjølv som ein totalt misslykka kristen, den som opplever at trua raknar og er gjennomrista av den lammande tvilen, den som står ribba for alt av kristenliv kan klamra seg til Guds nåde i Kristus og vita i tvil og tross at her er han trygg i liv og død, i tid og æve! Og kan synga med jubel og takk: «Ren og rettferdig, himmelen verdig er jeg i verdens Frelser alt nu. Ordet forkynner at mine synder kommer han aldri mere i hu. Å, jeg er frelst og salig fordi Jesus har gjort meg virkelig fri! Fri ifra nøden, dommen og døden, amen, halleluja !»

 

Takk og pris for evangeliet som fekk koma til sin rett og skaper fortsatt liv og frelse for fortapte menneske!

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

Mikkelsmesse.

  Mikkelsmesse var ein viktig festdag i katolsk tid, av fleire grunnar. Dagen vart fe…