Hjem Søndagskommentar 17. søndag i treenighetstiden – Jesus er Herre over alle ting

17. søndag i treenighetstiden – Jesus er Herre over alle ting

5 min lest
0
0
285

Mark. 5,35-43Tilgitt

Før han hadde tala ut kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?» Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» Så let han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. Då han kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Jenta er ikkje slokna, ho søv.» Dei berre lo åt han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der jenta låg. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder. «Vesle jente: Eg seier deg: Stå opp!» Og straks sto jenta opp og gjekk omkring, for ho var tolv år. Då vart dei reint frå seg av undring. Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne mat.

 

Det var sorg og spenning i heimen hjå synagogeforstander Jairus. Den 12 år gamle dottera var sjuk og far Jairus hadde oppsøkt Jesus for å be om hjelp. Midt inni forteljinga om Jairus og dottera møter vi ei  sjuk kvinne som tek borti kjolen hans, og ho vert lækt. Medan dette står på kjem meldinga frå heimen til Jairus; Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?

 

Kva skjer så? Kort fortalt går forteljingane ut på at Jesus var der, den  sjuke kvinna vart frisk og den døde jenta vart vekt opp frå dei døde.

Dette fører oss rett inn i heilt avgjerande spørsmål både i menneskeliv og menighetsliv, spørsmål om helse og sjukdom, liv og død. Jesus viser seg som herre over både sjukdom og død. Dette kjem endå sterkare fram når vi noko seinare ser Jesus på krossen, der han vinn den endelege siger over djevel, synd og død.  Jesu triumferande oppstode  påskedagen er førebilete på den truande si triumferande oppstode. Vi les dei sterke orda i 1. Kor. 15,20- 24: Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er førstegrøda av dei som er avsovna. Fordi døden kom ved eit menneske, så er og oppstoda av døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus. Men kvar til si tid: Kristus er den første; deretter fylgjer alle dei som høyrer Kristus til, når han kjem. Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

 

Så lever vi i ei verd der vi møter både sjukdom og død og mange andre vonde ting. Men når Jesus, livets herre er med er det alltid lys der framme! Takk Gud, for denne velsigna sanninga.

  • img_0566

    Domssøndag/Kristi kongedag

    Matteus 25,31-46 Men når Menneskesønnen kommer i sin herlighet, og alle englene med ham, d…
  • vann1

    24. Søndag i treenighetstiden

    Matteus 18,1-6 og 10-14 Nettopp da kom disiplene og spurte Jesus: «Hvem er den største i h…
  • loppebord

    Bruktmarked/Loppemarked

    Bruktmarked/Loppemarked Velkommen til Bruktmarked/Loppemarked i andre etasje, Bussedalen 1…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

Domssøndag/Kristi kongedag

Matteus 25,31-46 Men når Menneskesønnen kommer i sin herlighet, og alle englene med ham, d…