Hjem Søndagskommentar 16. Søndag i treenighetstiden – Få orden på gudsforholdet

16. Søndag i treenighetstiden – Få orden på gudsforholdet

5 min lest
0
0
978

Matt. 11,16- 19.

Bilde fra: http://www.wallpapersxl.com/

 

Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: Vi bles i fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga. For Johannes kom, han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. Menneskesonen kom, han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar. Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.

 

«Denne ætta» er dei menneska som levde på same tid som Jesus. Og dei ville ikkje høyra og godta døyparen Johannes si forkynning om synd,  omvending og dom. Dei ville heller ikkje godta Jesus, hans livsstil med kjærleik og omsorg og tilgjeving for alle, også tollarar og syndarar, som dei fleste såg ned på og forakta. Det er lett å sjå at breie lag av folket i vår tid har den same haldninga.

 

Men døyparen Johannes var sendt av Gud,  («Det sto fram ein mann, sendt av Gud, Johannes var namnet hans» Joh. 1,6.)  og han utførte det oppdraget Gud hadde gitt han.

Jesus og var sendt frå Gud, (For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg.») og han fullførte oppdraget.

Den siste setning i teksta er ein underleg setning – som eg trur har eit ufatteleg stort spenn der alle tidsgrenser sprenge. Visdomen personifisert må vera himmelens Gud, og gjerningane hans, både skapingverk  og soningsverk skal bli ståande og syne at det var rett det som Johannes og Jesus forkynte. Mange vil sjå, erkjenne og ta imot bodskapen her og nå i tida, og slik blir den kristne menighet på jorda  bygd opp gjennom tidene. Men det breie lag av folket vil ikkje godta og ta imot bodskapen her og nå, men om ikkje før på den siste domedag så skal alle innsjå at det var sanninga Johannes og Jesus forkynte. Fil. 2,9-11 fortel kva som ein gong skal skje. «Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen på jorda og under jorda, og kvar tunge skal sanna: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære.»

Det er  tungt og vanskeleg å høyra og akseptera orda om synd og nåde, omvending og frelse, å bli dømd eller frikjent, å gå fortapt eller bli salig – – må det vera så skarpt enten – eller?

Ja, det må det. Det er først når vi veit kva realitetane er at vi kan velge rett, Det er mykje betre å erkjenne synd og skuld nå, og så søke – og få rett orden på forholdet til Gud  nå i nådetida, enn  på dommedag å måtta erkjenna eg hadde mulegheta men nytta den ikkje.

Derfor denne oppmodinga til slutt: Tru på Jesus og hans soningsverk, for bare det kan gje deg evig liv og salighet.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…