Olsokdagen

5 min lest
0
0
1,256

 

Luk 22,24 – 27Jesus og etterfølgere

No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største.  Då sa Jesus til dei: «Kongane herskar over folka sine, og dei som rår, blir kalla velgjerarar.     Men slik er det ikkje hos dykk. Den største av dykk skal vera som den yngste, og leiaren skal vera som ein tenar.   For kven er størst, den som er gjest ved bordet, eller den som er tenar? Er det ikkje gjesten? Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.

 

 

AVSKILSORD TIL DEI TOLV

Tida for avskil nærmar seg. Meisteren og flokken hans har halde påskemåltid saman. Dei opplevde det heilage nærværet når nattverdsakramentet vart innstifta. Og dei sansa uhygga og dramatikken når Jesus gjer det klårt at ein av dei skal svika han.

Likevel gav læresveinane seg like etterpå til å krangla om kven som skulle reknast som den største!

Også må Jesus endå ein gong minna dei om at i Guds rike gjeld andre lover om høg og låg enn i verda. Dei som herska den tida var eineveldige og maktglade og lèt seg gjerne heidra med høge titlar av undersåttane sine.  Slik er det ikkje i Guds rike. Ein Jesu ven trår ikkje etter herredøme og maktbruk, men gleder seg over å få tena sine medmenneske.

Eigentleg er dette høgst unaturleg for eit menneske. Me har det i blodet at me vil bli sett opp til, me likar å sola oss i andre sine auge og verta ære av menneske. Det er ikkje enkelt for oss å bøya oss for andre og setja oss sjølve på lågaste plassen, slik Paulus formanar oss: «Trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke!» (Rom 12,16)  Dette kan berre lærast ved å leva tett saman med Jesus og la seg smitta av hans gudommelege kjærleik. Og berre her går vegen til tenande kristenliv mellom våre medmenneske.

«Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.», seier Jesus i teksta vår. (v27)  Kanskje dei tenkte på det som nettopp hadde hendt når han sa dette. Han, Meisteren, hadde vaska føtene deira før dei gjekk til bords. (Joh 13,4 – 11) Dette var oftast ei oppgåve for slavar. Så syner Herren sine vener til alle tider at sann stordom er å bøya seg i audmjuk teneste for sin Herre og for sine medmenneske.

Både Jesu liv og Jesu død var ei tenestegjerning til evig liv og frelse for alle som tek i mot han.  Han kom ikkje for å la seg tena, «men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange». (Matt 20,28)

Berre med å la seg tena av han som gav sitt liv for oss, kan me verta utrusta til å tena andre.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Skjærtorsdag – DET EVIGE MÅLTIDET

Skjærtorsdag – 28.03.2024 Luk 22,14-23 Da tiden var inne, tok Jesus plass ved bordet…