Hjem Søndagskommentar Siste sundag i kyrkjeåret

Siste sundag i kyrkjeåret

9 min lest
0
0
1,215

Matt 25 31 – 46.

31  Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. 32  Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, 33  og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre. 34  Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. 35  For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg;  36  eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja  meg.’ 37 Då skal dei rettferdige svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg?  39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?  40  Men kongen skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.’
41 Så skal han seia til dei på venstre sida: ‘Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans.  42  For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke;  43  eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til   meg.’ 44  Då skal dei svara: ‘Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken  eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?’  45  Men han skal svara dei: ‘Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.’  46 Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

 

DEN STORE DOMMEN

 

Kapitla 24 og 25 hjå Matteus vert gjerne kalla Jesu avslutningstale. Her talar ikkje Jesus til folket på tempelplassen, men til disiplane på Oljeberget. (24;3) Dermed er denne talen ein læretale for Jesu vener.

Til no har denne talen handla om det som skal skje før Jesu attkome. I teksta vår talar Jesus om det som skal skje når han kjem att: Domen over alle folkeslag. Her talar han ikkje  i likningar som han har gjort tidlegare. Han gjev derimot ei realistisk skildring av den store doms-akten. Han er Menneskesonen som kjem i sin herlegdom og har alle englane med seg.  (v31)  Han skal «sitja på trona i sin herlegdom.»  Han er kongen med uinnskrenka fullmakt og med den høgst tenkjelege autoritet til å halda dom  (Joh 5;27 / Matt 16;27).

Før dommen vert avsagt, samlar Menneskesonen alle folkeslag framfor seg. Så set han eit skilje mellom menneska og set nokon på si høgre side og andre på si venstre. Og så skjer domfellinga.  To ting ved denne saka: 1) Dommen erabsolutt, endeleg, kan aldri gjerast om! 2) Det er to utgangar frå domen: Dei på Jesu venstre side,  går bort til evig straff.  Dei på høgre sida, går til evig liv. (v46)  «Her møter vi enda et eksempel på Jesu forkynnelse av den dobbelte utgang på livet.» «Og dommen forhandles det ikke om, den bare forkynnes.»(Olav Skjevesland.)

Når det gjeld domsgrunnlaget så kan det i fyrste omgang synast som om det er det me har gjort eller ikkje gjort mot våre medmenneske som avgjer frifinning eller dom. (v40 / v45)  Men når Jesus brukar uttrykket «desse minste syskena mine, -», så siktar han nok til venene sine, disiplane. I Luk 10 les me om når Jesus sende ut dei 70 læresveinane og gav dei oppdrag og fullmakt til forkynning og undergjering. Han gjer det klårt for dei at ikkje alle vil ta imot dei og forkynninga deira, men at dei representerar han i den tenesta dei står. «Den som høyrer dykk, høyrer meg, men den som vrakar dykk vrakar meg.»  (Luk 10;16

«Vi møter Gud i alle nødlidende. Da møter vi hans lov: De nødlidende er en utfordring til handling.» (Hans Kvalbein.) Som menneske og som kristne har me ei heilag forplikting til å stilla opp for våre lidande medmenneske i all deira trong og kvar dei enn er. Stengjer me hjarta vårt for deira naud, så syndar me mot Gud og er skuldige til straff.

«Vi møter Gud (Kristus) i Jesus utsendinger (disiplene, de kristne). Da møter vi evangeliet de er sendt med. .  .  .   Det er ved å ta imot Jesus gjennom hans utsendinger at mennesker  blir frelst.»  (Hans Kvalbein)

Jesu sterke domsforkynning syner oss at våre eigne meiningar og vår sjølvlaga kristendom er ingen ting verdt. Det einaste som kan fri oss frå dom og straff er at me bøyer oss i audmykt og tek i mot vår Jesus i hans nådeord og ved hans utsendingar.

Kyrie eleison, miskunna deg over oss!

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …