Hjem Søndagskommentar 4. Søndag i påsketiden – Lat ikkje hjartet dykkar uroast

4. Søndag i påsketiden – Lat ikkje hjartet dykkar uroast

7 min lest
0
0
1,110

Joh 14,1 – 11Jesus-2

«Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?  Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.  Og dit eg går, veit de vegen.»
Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?»

 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.»
 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’?  Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar.  Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.»  

 

Kapittel 14 hjå Johannes er fyrste del av Jesu avkilstale til læresveinane sine. Samtidig er det ei einaste stor trøystetale til venene hans. Det er nok av mørke og trugande framtids-utsikter for dei. Meisteren hadde fleire gonger fortalt dei at han skulle gå frå dei, ja, at han til og med skulle døy ifrå dei! I tillegg hadde uhygga lagt seg tung og kald over veneflokken når svikaren Judas vart avsløra. Var det noko dei trengde no, så var det trøyst og oppmun-tring! Også talar Jesus til dei om Farshuset med dei mange rom. Og at han går til sin Far og gjer klar ein stad for dei der dei skal få vera med han.  Det å få vera der Jesus er, det er «salighetens egentlige vesen, det evige samværet med Herren». (Olaf Moe)

 

Men når han fortel dei at dei veit vegen dit han skal gå, får dei problem. Dei veit jo ikkje kvar han går! Korleis kan dei då vita vegen?

Med svaret sitt syner Jesus kven han eigentleg er: Han er Vegen til Far, Sanninga om Far og Livet med Far. Utan Jesus er det umogeleg å koma til Far! Det finst berre ein veg, ei sanning og eitt liv i denne samanhengen. Det er lygn når nokon hevdar at det finst fleire vegar til Gud! Eller at sanninga kan vera så mangt! Det er berre den eine Vegen, den eine Sanninga og det eine Livet, i bunden form eintal, som gjeld i alt som har med frelsa å gjera!

 

Så går Jesus vidare i undervisninga med å tala om tilhøvet mellom Far og Son. Den som kjenner Sonen, Jesus, skal òg kjenna Gud Far, v7. Det er ikkje lett å få tak i dette som Jesus talar om her. Dette gjer Filip uttrykk for når han bed Jesus om å syna dei Far, v8.  Visst er det slik at Jesus gjer Gud kjent blant menneska, men Filip ynskjer å få sjå Gud, som ei slags spesiell gudsopenberring. Jesus let seg ikkje utfordra til å gje noko ekstra syn av Gud. Han nøyer seg med å peika på dei ord han har tala. Desse orda har han ikkje av seg sjølv, «- det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar,» seier han i v10. «Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.» v11

I Joh 10,30 har me dette sitatet av Jesus, kort og sterkt: «Eg og Far er eitt.»

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …