Hjem Søndagskommentar 3. Søndag i påsketiden – Jesus mettar fem tusen

3. Søndag i påsketiden – Jesus mettar fem tusen

8 min lest
0
0
2,568

 

Mark 6,30 – 44Jesus metter 5000

Jesus mettar fem tusen
 Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.  Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve.  Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.
 Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid.  Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.»
 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»  «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»  Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.  Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.  Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk. Og alle åt og vart mette.  Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.  Det var fem tusen menn som hadde fått mat.

 

Dette er kjente saker. Alle dei fire evangelistane har skrive om brødunderet. Alle som har gått på søndagsskulen hugsar denne forteljinga frå barndomen: Om han som bad for fem brød og to fiskar så det vart overflod av mat for 5000 menneske.

 

Eigentleg var det meininga at Jesus og venene hans skulle dra til ein avsides stad der dei kunne  få vera åleine og kvila seg. Dei kunne ha behov for ein fridag. Ofte hadde dei det så travelt at dei  ikkje ein gong fekk matro.   (v 31)  Men dei fekk ikkje vera åleine. Folk kjende dei att då dei sette båten på vatnet og rodde bort. Dermed  kom folket frå byane springande etter stranda og tok i mot Jesus og fylgjet hans når dei kom til land. Då Jesus fekk sjå den store folkemengda, står det at han fekk inderleg medkjensle med dei, «for dei var som sauer utan gjetar.» (v 34)

Jesus kallar seg sjølv «den gode gjetaren» i Joh 10. No går han inn i gjetaren si gjerning, driven av omsorg og inderleg medkjensle for folket. Og han som fekk til vitnemålet at «ingen har tala slik som han», «gav seg til å undervisa om mange ting.» (v 34)  I 1985 – omsetjinga står det slik i vers 34: «Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig.» Og tida gjekk. Fyrst ut på ettermiddagen kom spørsmålet opp korleis dei skulle skaffa mat til den store folkehopen. Læresveinane ser ikkje annan råd enn å senda folket frå seg så dei kan få kjøpt seg mat.  Men Jesus, som er full av medkjensle for folket, ikkje berre på det åndelege planet, men også på det menneskelege, han har også makt og vilje til å skaffa føde av småsmular til tusenvis av menneske

Og her tek han læresveinane med i undergjerninga og gjev dei medansvar. Og eg tenkjer at dette var kanskje ei av dei største opplevingane desse Jesu vener fekk vera med på den tida dei var saman med han.

Jesus såg opp mot himmelen og bad takkebøna for brøda og fiskane. Dette syner at underet er Guds gjerning og bøna minner oss om takkebøna ved nattverden. Brytinga og utdelinga av brødet svarar til innstiftinga av nattverds-sakramentet, den heilage handlinga som skjedde skjærtorsdag kveld,

Etter at alle hadde fått mat og vorte mette, vart det fylt 12 korger av det som var att. Dette fortel at Kristus er rik nok for alle som kallar på han.

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …