Hjem Søndagskommentar Brødkonge eller frelsar

Brødkonge eller frelsar

6 min lest
0
0
401

Joh. 6,24- 36.Jesus og disiplene.3

Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og for over til Kapernaum og leita etter Jesus. Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: Rabbi, når kom du hit? Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk; Det er ikkje fordi de såg  teikn at de leita etter meg, men fordi de åt av brødet og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.

Då sa dei til han: Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera? Jesus svara: Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt. Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg? spurde dei.  Kva kan du gjera? Fedrene våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta. Jesus svara: Sanneleg, sanneleg, seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv. Då sa dei: Herre, gje oss alltid det brødet. Jesus svara: Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta. Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje.  

 

Jesus hadde imponert stort då han med fem byggbrød og to fiskar metta fem tusen i øydemarka.

Då folket såg dette tenkte dei: Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda. Og frå dette er det ikkje lang veg til tanken;  han vil vi ha til konge. «Jesus skjøna at dei ville koma og ta han med makt og gjera han til konge. Derfor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.  Joh. 6,14- 15.

 

Dette er bakgrunnen for teksta vår, der vi møter ein Jesus som er oppteken av å forklara folk at dei først og framst treng ein frelsar, ikkje berre ein brødkonge. Folket er mest opptekne av brød for munnen, men Jesus prøver å få dei til å forstå at dei treng livsens brød, det brød som kan gje evig liv. Dette er det bare Jesus som kan gje dei, for han seier det slik: Eg er livsens brød. Men sjølv om Jesus hadde gjort store teikn og under og nå sto der midt imellom dei, ville dei ikkje tru på han.

 

Slik eg ser det liknar store deler av folk i Norge mykje på dei vi møter i teksta, dei er meir opptekne av dei ting som gjeld for livet her i verda enn dei er av det som kan gje evig liv, dei vil heller ha ein brødkonge enn ei frelsar. Til dei som les dette vil eg seia: De må satsa  mykje på å læra Jesus å kjenna og øva dykk på å gjera det han vil.. «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» (vers 29.)  For det viktigaste av alt for oss alle er å vinna det evige livet.

  • photo-02-07-2015-00-51-34

    2. søndag i fastetiden.

    1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…
  • be-deg-igjennom-fasten

    «Be deg igjennom Fasten» – Uke 2

    «Hva betyr bønn?» – Betraktning av Kristina Uttgård Har du noen gang opp…
  • mann-ber1

    Kan jeg bli gud?

    Kan jeg bli gud? Jeg føler meg ofte guddommelig når jeg står opp. Eneste jeg drikker er he…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
  • photo-02-07-2015-00-51-34

    2. søndag i fastetiden.

    1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…
  • something-1-of-1

    1. søndag i fastetiden

    Matt 16,21-23 Fra da av begynte Jesus Kristus å gjøre det klart for disiplene sine at han …
  • 29102010476

    Fastelavenssøndag

    Joh 12,20-33    Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden. …
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

2. søndag i fastetiden.

1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…