Hjem Søndagskommentar NYÅRSAFTA 

NYÅRSAFTA 

8 min lest
0
0
995

Matteus  11, 25 – 30;  (Lesetekster: Klagesongane  3, 22 – 26;  1.  Johannes  1, 5 – 7)

fyrverkeri

På den tid tok Jesus til orde og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.  Ja, Far, for dette var din gode vilje.  Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen, utan Faderen, og ingen kjenner Faderen, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
     Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!  Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel. For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

 

Jesus bryt ut i lovsong: “Eg lovar deg Far, Herre over himmel og jord!”  Det er litt ulikt Matteus, meir likt Johannes å skildra Jesus bryta ut i lovsong til Gud og i samtale med Gud, sin himmelske Far. Skal vi ved inngangen til eit nytt år prøva å gripa denne lovsongstonen frå Jesus. Me kan venda oss til Jesus vår bror, Gud vår Far og Den Heilage Ande som målar Jesus Kristus for  vårt indre auga. Slik er det ikkje berre for presten eller predikanten men og for alle Jesu vener, ja endåtil for dei umyndige små. Når Anden viser oss Jesus, då er han her, midt imellom oss.

 

Ja, kan det vera noko større enn når lovsongen, bøna begynner å leva i eit lite barn. Eg hugsar då eg var liten, før eg hadde begynt på skulen var eg saman med far ved fjøsstellet på ettermiddagen julafta. Kyra hadde fått noko ekstra godt i krybba etter dei var mjølka. Nokre oksar og kalvar var det og rundt oss. Før me gjekk inn for å feira jul, sa far: “Skal me bøya kne her ved midtgangen og be til Gud”.

 

Eg hugsar eg syntes det var fint av far å ta seg tid til dette i det daglege stellet. Han ba for oss alle i storfamilien og jula som stunda til, der var faktisk ord om velsigning over heimen, garden og dyra. Eg hugsar at eg bad til Gud, medan eg såg på tre trygge og velnøgde stutehovud rett framfor meg. Etter 65 år er dette synet levande i sinnet mitt, av nøgde dyr på to rekker nedover  midtgangen, etande i krybba julematen medan eg sa nokre ord i bøn til Gud , for første gong i mitt unge liv. Det er eit fint minne i minnekransen. Gudstru har med vårt daglege liv å gjera. Det er nett det denne teksta seier.

 

Kom er eit av dei viktigste orda i evangeliet, Jesu kall på deg og meg, me som slit og har tungt å bera. “Eg vil gje dykk kvile!” seier Jesus. Du merka deg sikkert teksta frå Klagesongane om Israel som vart bortført til Babylon i 586 før Kristus – Vi kan vanskeleg skjøna kor forferdeleg denne opplevinga måtte vera for Israelsfolket. Dei sleit og hadde tungt å bera, likevel fekk dei høyra:”Det er ikkje ute med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt.”

 

“Herren er god mot dei som ventar på han og søkjer han. Det er godt å vera still for Herren og venta på hjelp frå han!”  Nei, me skal ikkje dyrka tvilen og mismotet! Me skal la Kristustrua lyfta fram framtidsvona hjå oss sjølv, borna og dei unge!  Kvar einskild av oss skal  i eit nytt år seia i kor:”Herren er mitt gode, difor vonar eg på han.”

 

Politiske rørsler som arbeider mot kristen tru, ser ut til å ha vind i segla.  Me skal seia som Israelsfolket: “Herren støyter ikkje bort for alle tider!” Israelsfolket fekk venda heim att etter 50 år.Dersom Israelsfolket kunne  ha ein slik optimistisk framtidsvisjon, hutrande som dei var under undertrykkjaren sitt åk, så kan me det og:”Det er ikkje ute med Herrens nåde, hans miskunn tek aldri slutt.”                          “Herren er mitt gode, difor vonar eg på han!”            “Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet;   så skal de finna kvile for dykkar sjel.      For mitt åk er godt og mi bør er lett!

GODT NYTT ÅR!

  • 5. søndag i påsketiden

    5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…
  • 4. søndag i påsketiden

    4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …
  • Vi når lengre ut!

    Lenge har vi ønsket å nå ut med evangeliet på flere TV plattformer. Nå er vi på Bedehuskan…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

5. søndag i påsketiden

5 søndag i påsketiden – 28.04.2024 Luk 13,18-21 Photo by Vince Veras Lignelsene om s…