Hjem Søndagskommentar 17. søndag i treeinigstida

17. søndag i treeinigstida

6 min lest
0
0
1,153

Luk 7,11 – 17  Healing

Kort tid etter gav Jesus seg i veg til ein by som heiter Nain. Læresveinane og mykje folk var med han. Då han nærma seg byporten, vart ein død boren til grava. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: «Gråt ikkje!» Han gjekk borttil og la handa på båra. Då stansa dei som bar. Så sa han: «Du unge mann, eg seier deg: Stå opp!» Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og Jesus gav han til mor hans. Då vart alle fylte av ærefrykt; dei lova Gud og sa: «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Gud har gjesta sitt folk.» Dette ordet om han spreidde seg i heile Judea og landet omkring.

 

Jesus og læresveinane hans var på veg til Nain, omlag 10 km søraust for Nasaret. Det er visst einaste gongen me høyrer om denne byen i Bibelen. Når Lukas fortel om ei slik undergjerning i Nain, kan me rekna med at det ligg ei sikker historisk overlevering bak hendinga.

 

Det er sorg i Nain. Ein ung mann vert boren til grava. Mora er enkje og den døde var einaste sonen hennar. Han var den som skulle sørgja for mor si i hennar alderdom, og han skulle føra slekta vidare. No er ho åleine. Sorga er stor og saknet smerteleg djupt. Så fortel Lukas: «Då Herren såg enkja, fekk han inderleg medkjensle med henne og sa: – Gråt ikkje!- »  Det er den inderlege medkjensla som er motivet for Jesu undergjerning. Og det er den same inderlege medkjensla som ligg bak orda «Gråt ikkje!» Det er ikkje nokon kommando, ikkje noko forbod mot å gråta ut sorga. Det er ei mild og kjærleg påminning frå han som sjølv tek del i sorg og smerte og kan og vil venda sorga til glede.

 

Lukas brukar i vers 13 namnet «Herren» om Jesus. Det syner Lukas si tru på Jesus som den allmektige og opphøgde Herre, lik Gud sjølv. Og når Jesus vekkjer den døde til liv att, så går han inn i funksjonar og utfører handlingar som GT syner at Gud åleine rår over. Han er lik sin Far i makt og velde, som han sa sjølv i Joh 10,30: «Eg og Far er eitt.»

 

Etter Moselova måtte ingen røra ved eit lik eller ei grav. Den som gjorde det, vart urein. Jesus går likevel bort og legg handa på båra. Han syner dermed at han er Herre over Lova. Vidare syner han at han er Herre over døden med at han byd den døde stå opp! Det er eit guddommeleg ord som lyder i Nain denne dagen. Dette ordet skapar ei guddommeleg handling. Den døde guten får livet på nytt og vert gjeven attende til mora. Og mora fekk oppleva at Jesu guddommelege ord gjorde sorg til glede

 

Resultatet av denne mektige gjerninga var naturleg nok at folket vart fylte av ærefrykt og lova Gud. «Ein stor profet har stige fram hos oss, og Herren har gjesta sitt folk», var deira sterke vitnemål som vart kjent over store område.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …