Hjem Søndagskommentar 3. søndag etter Kristi Åpenbaring

3. søndag etter Kristi Åpenbaring

13 min lest
0
0
1,412

 Joh. 4,4- 26.Illustrasjon Samaritanske kvinne 1326717023

 Han måtte dra gjennom Samaria,  og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.  Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen. 
     Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.»  For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat.  «Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar.  Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.»  «Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå?  Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?»  Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att.  Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»  Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
     Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.»  «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.»

 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna.  «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»  Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far.  De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha.  Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»  Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.»  Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

 

 

 

Ein samtale med Jesus

Han laut fara gjennom  Samaria, og der kom han til ein by som heitte Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin. Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned attmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.

Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil hente vatn. Jesus seier til henne: Lat meg få drikka. For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat. Korleis har det seg, seier kvinna, at du som er jøde bed meg, ei samaritansk kvinne ,om drikke. For jødar har ikkje noko samkvem med samaritanane. Jesus svara: Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn. Herre, sa ho,du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatn frå? Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, han som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med? Jesus svara: Kvar den som drikk av dette vatnet , vert tyrst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelda med vatn, som vell fram og gjev evig liv. Kvinna seier til han: Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.

Då sa Jesus til henne: Gå og hent  mannen din og kom så hit att. Eg har ingen mann, svara kvinna. Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann, sa Jesus. For du har hatt fem menn, og den du no, er ikkje din mann. No sa du sant.

Herre, eg ser at du er ein profet, sa kvinna. Fedrane våre tilbad Gud på  dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe. Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha. Gud er ånd, og den som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning. Kvinna seier til han: Eg veit at Messias kjem, Messias er det same som Kristus – og når han kjem skal han kunngjera oss alt. Jesus seier til henne:  Det er eg, eg som talar med deg.

 

Teksta i dag er Jesu samtale med den samaritanske kvinna. La oss sjå på samtalen, og læra av Jesus korleis vi og kan samtale med menneske som står fjernt frå Jesus og det han gjev.

 

Jesus startar med ein heilt daglege, kvardagslege ting – vatn.  «Lat meg få drikka». Det skaper kontakt.

Så dreier Jesus samtalen over på åndelege ting, han talar om  «levande vatn», utan at kvinna forstår det i første omgang.

I neste steg går Jesus inn på det personlege plan: «Gå og hent mannen din og kom så hit att». Dette likar kvinna dårleg, og ho prøver å vri seg unna. Men Jesus kjenner henne og avslører henne. Då blir kvinna offensiv, og vil diskutere åndelege ting, perifere ting, – Jerusalem eller Garisim?

Jesus går ikkje inn i denne diskusjonen, men fortset med å visa til kva eit rett forhold til Gud er. Det te møter kvinna med eit «utsettingsforslag», – «når Messias kjem skal han kunngjere oss alt». Då kjem Jesus svar: «Det er eg,, eg som talar med deg».

Då ser det ut til at kvinna kapitulerer. I fortsettinga (v. 27- 42) av forteljinga ser vi kvinna som eit levande vitne om at Jesus er Messias

 

Bruk teksta for i dag som eit mønster for ein samtale, og gå frimodig inn i samtale med og om Jesus.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…