Hjem Søndagskommentar 12.sundag i treeiningstida – Ein Gud full av miskunn

12.sundag i treeiningstida – Ein Gud full av miskunn

5 min lest
0
0
410

Nehemja 9,19 – 21Illustrasjon skyer

Men i di store miskunn forlét du dei ikkje i ørkenen. Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen, men førte dei på vegen; og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta, men lyste opp vegen dei skulle gå.

Du gav dei din gode Ande for at dei skulle få visdom. Du nekta dei ikkje manna til mat
og gav dei vatn mot tørsten.
Du sørgde for dei i førti år, i ørkenen mangla dei ikkje noko. Kleda deira vart ikkje utslitne, og føtene hovna ikkje opp.

 

Nehemja- boka er ei av bøkene i GT som blir kalla «Dei historiske bøkene». Nehemja var munnskjenk hjå persarkongen Artaxerxses og budde i Susa, ein by i Elam, hovudstad i Persarriket. I det 20. styringsåret til kongen (ca.år 445 f.Kr.) gav han Nehemja lov til å reisa til Jerusalem og sette han til statthaldar i Judea. I Jerusalem såg han korleis bymuren var nedriven, portane oppbrende og folket leid stor naud.  Han fekk med seg folk og sette i gang med å byggja oppatt muren omkring Jerusalem. Når verket var fullført, samla Nehemja folket og let presten Esra lesa opp heile Moselova for folket. Og folket gret, gjorde bot, ropa til Herren og sanna syndene sine.

Så gjekk 8 levittar fram, prisa Herren og tala til Israelsfoket. (Neh 9, 19 – 21 ) Dei minte folket om Guds store langmot med dei heilt frå utgangen av Egypt. Gong på gong sveik dei sin Gud, braut pakta han hadde gjort med dei og tok seg avgudar. Og gong på gong tok Herren dei til nåde. Han fylgde dei natt og dag i si store miskunn i førti år i ørkenen, fria dei ut frå fårar og sørgde for dei på alle måtar.

Han gav dei sin Ande, står det i v21, «for at dei skulle få visdom». Fire – fem  hundre år seinare skriv apostelen Paulus til kyrkjelyden i Efesos:  «Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.» (Ef 1,17)

Det er oppbyggeleg og trustyrkjande å sjå at den Gud Nehemja og levittane vitna om for kanskje 2400 år sidan er den same som me har lært å kjenna i vår tid. Me har møtt han i Bibelboka og opplevt han på same måten som Israelsfolket som ein Gud full av miskunn og omsorg for sine born. Ved sin Ande har gjeve oss visdom til tru Guds frelse for Jesu skuld.

Slik kan eit avsnitt frå ei eldgamal bok syna oss ein flik av den Gud som er den same frå æva, gjennom tida og til æva, full av nåde og miskunn.

Lova vere Herren!

 

  • photo-02-07-2015-00-51-34

    2. søndag i fastetiden.

    1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…
  • be-deg-igjennom-fasten

    «Be deg igjennom Fasten» – Uke 2

    «Hva betyr bønn?» – Betraktning av Kristina Uttgård Har du noen gang opp…
  • mann-ber1

    Kan jeg bli gud?

    Kan jeg bli gud? Jeg føler meg ofte guddommelig når jeg står opp. Eneste jeg drikker er he…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Leif Kaslegard
  • photo-02-07-2015-00-51-34

    2. søndag i fastetiden.

    1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…
  • something-1-of-1

    1. søndag i fastetiden

    Matt 16,21-23 Fra da av begynte Jesus Kristus å gjøre det klart for disiplene sine at han …
  • 29102010476

    Fastelavenssøndag

    Joh 12,20-33    Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden. …
Last flere inn Søndagskommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Se også

2. søndag i fastetiden.

1 Mos 3,8-15 Da hørte de lyden av Herren Gud som vandret omkring i hagen i den svale kveld…