Hjem Søndagskommentar Andre søndag i faste

Andre søndag i faste

7 min lest
0
0
1,442

Matt. 15, 21 – 28Illustrasjon 2 advent 1290971394_200x154

 Så fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda.

 

Fortellinga om den kanaaneiske kvinna er ei utfordrande fortelling for oss, som har vakse opp i den norske velferdstaten. Me møter i fortellinga vår denne mora som har eit overveldande problem: Dotter hennar er ille plaga av ei vond ånd. Med tiltalen, ”Herre, du Davids  son: Miskunna deg over meg!” viser ho at ho trur Jesus er Israels Messias og at han har nøkkelen til å hjelpa dotter hennar, men Jesus svarar henne ikkje eitt ord. Likevel heldt ho på med å ropa etter Jesus, som seier: ”Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.” Men ho gir seg ikkje, kjem heilt fram til Jesus, kastar seg ned for han og seier: ”Herre, hjelp meg!”  Jesus seier: ”Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.” Vi skal få seia med kvinna: ”Det er sant Herre, men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.” Då sa Jesus til henne og til oss: ”Stor er trua di. Det skal gå som du vil.” Og dottera vart frisk frå same stunda.

 

Vi har ei anna fortelling som viser eit menneske frå Jesu eige folk som gjekk endå lenger enn denne heidningekvinna i sitt rop om hjelp til Jesus, det er fortellinga om Jakob i 1. Mos. 32, 24 – 30, der Jakob har kjempa med ein mann ved elva Jabbok til det ljosna av dag og seier: ”Eg slepper deg ikkje utan at du velsignar meg.” Jakob var i store vanskar og han visste at Herren kunne hjelpa han.  Luther har sagt at den framande som kjempa med Jakob, var Kristus. Vi skal få gjera som Jakob, gripa tak i Kristus, Han vart ikkje verande i døden, på krossen, i grava, han sto opp og sigra over døden – Han lever og me skal leva, ved Han!

 

Kan ei eksistensiell truskrise fortona seg som ein brytekamp med Gud? Skal vi kjempa gjennom nattetimar i bøn til Gud til lyset bryt igjennom og det dagast? Skal vi halda fram i bøn, sjølv om vi kjenner det som vi har møtt veggen? La oss seia med kvinna: ”Herre, du Davids son, miskunna deg over meg!” La oss halda fram, som denne heidningekvinna, til Jesus seier:”Stor er trua di. Det skal gå som du vil.” Når vi slik har kjempa i bøn til Herren, når vi har bede i Jesu namn til Han til slutt seier: Det skal gå som du vil, då vert Herrens vilje vår vilje, ikkje vår vilje Herrens vilje. Vi ser at Jakob fekk hjelp av Gud til å leva det liv Gud hadde kalla han til, men han gjekk frå brytekampen med Gud halt i hofta. Gud måtte framleis leia og oppdra Jakob, kanhenda endåtil stagga hans ville ferd.

 

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …