Hjem Søndagskommentar 4. søndag i advent – Gledens adventsøndag.

4. søndag i advent – Gledens adventsøndag.

3 min lest
0
0
1,065

Luk. 1,46- 55.

Illustrasjon 4 advent 1292233307

Då sa Maria: Mi sjel høglovar Herren, og mi ånd frydar seg over Gud, min frelsar. For han har sett til si ringe tenestekvinne. Frå no av skal alle ætter prisa meg sæl, for store ting har han gjort mot meg, han, den mektige, heilagt er hans namn.

Hans miskunn varer frå ætt til ætt for dei som har age for han. Storverk gjorde han med sin sterke arm, han spreidde dei som bar på hovmodstankar, og støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp. Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte bort. Han tok seg av Israel, tenaren sin, så han kom dei i hug sin lovnad til fedrane våre og synte miskunn mot Abraham og hans ætt – til evig tid.

I dei tekstane der vi møter Maria, mor åt Jesus, er det fare for å gjera Maria til hovudperson og at Jesus kjem i bakgrunn.

Visst er det så at Maria fekk eit større oppdrag enn nokon andre kvinner har fått, men det taklar ho godt. Ho viser oss det eg vil kalla «kristen sjølvbevisthet». Ho er ei «ringe tenestekvinne», men veit at det Herren har gjort for og med henne gjer henne så stor at «alle ætter skal prisa meg sæl». Og så bryt ho ut i ein herleg lovsong for alt det store og herlege Herren har gjort gjennom Jesus, både mot henne og alle andre – til evig tid.

Eg er redd mange kristne ser seg sjølv mest som «ringe tenaestekvinne/tenar», med mest trykk på «ringe».

I dag vil eg seia: Lær av Maria! Sjå stort på alt det du er og har som kristen: «Ren og rettferdig, Himmelen verdig Er jeg i verdens frelser alt nu». (Sangboken nr.284.) «For vi er Guds medarbeidarar». (Kor. 3,9».)

Bare dette er meir enn nok til å fylla den siste adventsøndag med jublande gledesong, slik Maria gjorde.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

4. søndag i påsketiden

4 søndag i påsketiden – 21.04.2024 Joh 13,30-35 Photo by John Towner Da Judas hadde …