Hjem Søndagskommentar 19. s.e. trieining. Er dette krav? Nei, det er gåve.

19. s.e. trieining. Er dette krav? Nei, det er gåve.

3 min lest
0
0
1,118

Luk. 9,57- 62.

Jesus_the_Teacher030
Medan dei for etter vegen, var det ein som sa til han: «Eg vil fylgja deg kvar du så går.» Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.» Til ein annan sa han: «Fylg meg!» Men mannen svara: «Lat meg fyrst få gå heim og gravlegge far min.» Då sa Jesus: «Lat dei døde gravleggja sine døde, men gå du av stad og forkynn Guds rike.» Det var ein annan og som sa: «Eg vil fylgja deg, Herre, men lat meg fyrst få seia farvel til dei som heime er.» Men Jesus svara: «Ingen som har lagt handa på plogen og ser seg attende, er skikka for Guds rike.»

 

Denne teksta viser oss to ting:
Den som vil fylgja Jesus må tenkje over kva det kostar. Den som fylgjer Jesus vert som ein «heimlaus» her i verda, og det kan kjennast tungt og vondt. Men den som fylgjer han får samfunn og fellesskap med Jesus og heile den kristne kyrkja her og nå, og ein fast bustad, ein heim, i det fullendte Gud rike.
Utsetting ligg snublande nær når Jesus kallar, og det gjeld både kallet til omvending og kallet til teneste. Ja, eg vil fylgja Jesus, men ikkje nå. Eg vil tena Jesus, men ikkje nå, – først må eg få ordna med andre viktige og verdfulle ting.
Dette er farleg tankegang på fleire vis. Det blir aldri lettare å velja Jesus, og ved utsetting risikerer vi å miste det evige livet. Det blir aldri betre anledning til å tene Jesus, og ved utsetting mister vi all den velsigning som fylgjer med tenesta. Om vi dreg oss unna mister Guds rike verdfulle medarbeidarar.
Når Jesus kallar på menneske er det ikkje for å koma med krav, han kallar fordi han har verdfulle gåver han vil gje oss!

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Langfredag

Langfredag – 29.03.2024 Mark 14,26-15,37 Bilde av Curdin Jesus forutsier Peters forn…