Hjem Søndagskommentar 16. s.e. trieining – «Alt er galt»

16. s.e. trieining – «Alt er galt»

8 min lest
0
0
766

Matt. 11,16- 19.

Illustrasjon Jesus ber

Men kva skal eg likna denne ætta med? Ho er lik born som sit på torget og ropar til kvarandre: Vi bles i fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga. For Johannes kom, han korkje åt eller drakk, og folk seier: Han er forgjord. Menneskesonen kom, han både et og drikk, og dei seier: Sjå, for ein storetar og vindrikkar, og ven med tollarar og syndarar. Men Visdomen har fått rett, det syner gjerningane hans.

 

Jesus samanliknar folket på si tid med trassige born som sit på torget og ropar til kvarandre, og alt er galt med Guds utsendingar. Både døyparen Johannes og Jesus var utsendt frå Gud.  Dei hadde kvar sin bodskap å bera fram, og  kvar sine gjerningar å gjera. Begge møtte motstand, Johannes vart halshogd og Jesus vart krossfesta.

 

Johannes forkynte bot og omvending og rydda veg for han som skulle koma, Jesus.

Jesus forkynte frelse og nåde for syndarar. Og her var det ikkje bare ord, han gjorde det han forkynte. Ved sin soningsdød på korset la han ein grunn der alle menneskje kan bli frelst. Jesus var ven med tollarar og syndarar, men ikkje ven med  syndene og lastene deira.

 

Ut frå dette er det to ting vi skal lære:

Ingen har  falle så djupt, synda så grovt og øydelagt så mykje at Jesus ikkje vil ta  imot han. Det stå fast, Jesus tek imot angrande syndarar med nåde og tilgjeving, og han reinsar dei frå all synd.

 

At Jesu motstandarar ikkje vil høyra og godta hans ord er bare naturleg. Men at folk som bær kristennamnet ikkje vil godta Jesus og hans ord, men  oppfører seg som trassige born og vil ha tillating til synd i staden for forlating for synd er tragisk. Det går ikkje! «Visdomen har fått rett», det skal synast – om ikkje før, så i allefall i den siste domen

 

Kåre Vølstad.

 

17. s.e. trieining                                                                                                              Mark. 5,35-43

 

                                             Jesus greier det umulige

Før han hadde tala ut kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?» Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» Så let han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. Då han kom heim til synagogeforstandaren, og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Jenta er ikkje slokna, ho søv.» Dei berre lo åt han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der jenta låg. Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder. «Vesle jente: Eg seier deg: Stå opp!» Og straks sto jenta opp og gjekk omkring, for ho var tolv år. Då vart dei reint frå seg av undring. Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne mat.

 

Midt inni forteljinga  om  Jairus som gjekk til Jesus og ba om hjelp for den dødssjuke dotter si, er det fortald om at Jesus vart hefta på vegen fordi han lækte ei kvinne som hadde hatt blødningar i tolv år.

I huset til synagogforstandaren er alt håp ute. Dei hadde høyrt at Jesus kunne lækja sjuke, dei sende bod etter han, men han nådde ikkje fram i tide –  og  jenta  døde. Men så stig Jesus inn i håpløysa og viser at ingen ting er for vanskeleg for han. Han tok henne i handa og sa: «Vesle jente,eg seier deg: Stå opp!» Og straks sto jenta opp og gjekk ikring, for ho var tolv år.

 

Denne teksta kan læra oss tre ting. Det er fornuftig å gå til Jesus med det som er vondt og vanskeleg.

Ingen ting er for vanskeleg for Jesus, han har makt over sjukdom og død.

Teksta seier ingen ting om kva konkret Jesus vil gjera når du kjem til han med ditt problem, men eg er trygg på at han har same godviljen for deg som han hadde for Jairus, veslejenta og kvinna med blødningane.

Last flere relaterte artikkler
Last flere av Kåre Vølstad
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *