Mark. 1,40- 45.
Ein mann som var spedalsk, kom til han og bad: «Dersom du vil, kan du gjera meg rein.» Jesus fekk medkjensle med han, rette ut handa og tok bortpå han, og sa: «Eg vil, vert rein!»Med det same var sjukdomen borte, og mannen var rein. Jesus tala strengt til han og baud han gå sin veg. «Sei ikkje eit ord til nokon om dette,» sa han. «Men gå og vis deg for presten, og ber fram dei offer som Moses har gjeve påbod om for den som let seg reinsa. Det skal vera eit vitnemål for dei. Men mannen gjekk av stad og gav seg til å fortelja om det som hadde hendt, han gjorde det kjent vidt og breitt. Difor kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. Han heldt seg utanfor byane, på øydestader. Men folk kom til han frå kantar.
Ein som var spedalsk på Jesu tid var i ein håplaus situasjon. Den sjuke vart utstøytt frå alt og alle, og det var lite eller inkje håp om lækjedom. Men Jesus viser si makt ved å gå inn i håpløysa med hjelp og lækjedom.
Lækjer Jesus folk i dag, og korleis skjer det?
I det Nye Testamentet er den kristne kyrkja blitt medarbeidarar når Jesus lækjer. Det er gitt bruksanvisning på 3 ulike måtar dette kan skje på.
Fil. 4, «Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.» Kven som helst, kan når som helst og kor som helst be om kva som helst. Det gjeld og bøn om lækjedom.
I 1. Kor. 12,4- 11 les vi at Gud rustar kyrkjelyden med nådegåver. Ei av gåvene er «Helbredelsens nådegåve. (Vers 9) Denne nådegåva finn mellom oss, men eg vil gjerne sjå fleire med denne gåva.
Jak. 5,14- 15. Salving og bøn for sjuke. Denne tenesta er lagt til dei eldste, dvs. dei kristen leiarane.
Ta desse 3 formene i bruk! Eg har sett at dette fungerer også i vår tid, men det er alltid Jesus som bestemmer kva han vil gjera i kvart einskild situasjon.