17. mai

5 min lest
0
0
988

Luk 17, 11-19

Norske_flagg 17.mai

Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han. Dei vart ståande langt unna og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine. Ein av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud med høg røyst, kasta seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne mannen var ein samaritan. Då sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni? Var det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud æra?» Og han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»

 

På 17. Mai høver det å stansa ved at Jesus møter og tek imot dei som kjem til han, uavhengig av status og nasjonalitet. I teksta vår er Jesus i grenselandet mellom Samaria og Galilea. Jødar flest ville nok i Jesu samtid ha skunda seg gjennom dette området for å nå Jesu endepunkt for dagsreisa: Jerusalem. Men Jesus tok seg tid for dei 10 spedalske som ropa og bad Jesus om å visa miskunn mot dei. Jesus såg nauda deira og gjorde dei friske, også den eine som høyrde heime i Samaria.

 

Slik skal vi som kristne, som kyrkje og som nordmenn møta våre medmenneske, det er eit av dei viktige poenga i denne bibelteksta. Vi er kalla til å hjelpa dei som alle andre har gitt opp, det er kristen nestekjærleik.

I vår nærleik har vi rusmisbrukarar, utevandrarar, asylsøkjarar, uønska foster og mange andre som treng at vi ser dei med Jesu auge og engasjerer oss, stiller oss på deira side, slik Jesus gjorde.

 

Jesu dramaturgi for å gjera desse friske er å la dei gå og visa seg for prestane. Prestane var leiarar i helsestellet på den tida. Her var det ingen motsetnad mellom bøn for sjuke og helsevesen, slik bør det og vera hjå oss; det er andre poenget i teksta vår.

 

Eit tredje og viktig poeng i teksta vår er det faktum at mannen frå Samaria forsto at Gud brydde seg om han. Ved si takksemd viste mannen at han trudde Gud. Mannen forsto i det minste at Jesus spela ei viktig rolle i underet som hadde skjedd med han. Å få helsa tilbake høyrde for samaritanaren saman med frelsa han opplevde i møtet med Jesus.

 

Jesus sa til mannen: “Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.”

 

Eit fjerde poeng i teksta vår er dette at takksemd og lovsang til Gud for alt han har gitt oss, høyrer med i kristent liv og Gudsteneste.

  • Slått ned

    Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …
  • Kan Jesus og ondskapen bo i hjertet samtidig?

    “Det står at Jesus bor i hjertet. Men det står også at alt ondt kommer fra hjertet. …
  • 3. søndag i treeningstiden

    Markus  10.13 -16: De bar små barn til Jesus for at han skulle røre ved dem, men disiplene…
Last flere relaterte artikkler
Last flere av Ingolv Gjedrem
Last flere inn Søndagskommentar

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Se også

Slått ned

Jeg er veldig glad i blå blomster. Så jeg kjøpte frø og sådde i februar. Litt på måfå som …